Hopp til innhold

Ikkje sikrare med gravidbelte

Likevel reklamerer produsenten med at det er tryggare å bruka gravidbelte.

Video Ikkje sikrare med gravidbelte.

Spesielle bilbelter for gravide er ikkje tryggare enn vanlege bilbelter, ifølgje Trygg Trafikk.

Direktør Kari Sandberg i Trygg Trafikk viser til testar utført ved Statens väg- och transportforskningsinstitut i Sverige.

– Det tilseier at eit vanleg bilbelte er like trygt som eit såkalla gravidbelte, seier Sandberg.

Glir opp i same posisjon

Gravidbelte gir meir komfort ved å halda hoftedelen under magen.

Gravidbelte

Gravidbelter.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

Men i følge Statens väg- och transportforskningsinstitut i Sverige er beltene for svake til å halda hoftedelen i same posisjon ved ein kollisjon, noko som vil føra til at beltet glir opp på magen i same posisjon som eit vanleg belte.

Det er gravidbelter frå Bellysafe, Mammas magepute og BeSafe som er testa.

– Vi har andre resultat

Produktsjef i HTS BeSafe, Frank Lilleheil, viser derimot til eigen forsking.

– Vi har gjort våre eigne testar hjå Statens provningsanstalt i Sverige, om godkjenning som tryggleiksbelte, og vi har andre resultat.

Men meiner du at det er nok forsking til å seia at belter som BeSafe Gravid er tryggare å bruke enn andre belter?

– Både ja og nei. Eg har ingen forskingsresultat i dag som eg kan legga fram som fullgode bevis. Då måtte me hatt kollisjonstestar med levande menneske, og det gjer ein ikkje, seier Lilleheil.

LES ÒG: – Trafikktiltak rettet mot unge funker ikke | Fatal bilbelteslurv

Frank Lilleheil

Frank Lilleheil i BeSafe.

Foto: HTS Besafe / pressefoto
For komfort, ikkje tryggleik

– Det andre poenget er at vi veit at det over heile Europa har vore vanleg at bilbelte er ubehagelege for gravide kvinner.

- Då går ein ofte til legen og får ein resept for å sleppa å bruka belte, seier produktsjefen.

Kari Sandberg i Trygg Trafikk vil ikkje gå i mot Lilleheil sitt argument om komfort.

– Ønsker ein å bruka gravidbeltet for komforten sin del, er jo det bra, seier Kari Sandberg i Trygg Trafikk.

– Men normale bilbelte er altså like trygt.