NRK Meny

Hordaland KrF vil ha raskare E16

Hordaland KrF vedtok på årsmøtet i dag ein resolusjon om å prioritera opp fornying av E16 mellom Bergen og Voss i NTP. Fylkespartiet gjekk dermed ut mot sin eigen leiar, Knut Arild Hareide, som deltok på pressekonferansen der NTP blei lagt fram med utsett utbetring av vegen. «Dette kan vi ikkje godta. Vi kan ikkje leva med ein E16 som er utrygg, og som har ein så dårleg regularitet som er tilfelle i dag», skriv Hordaland KrF i resolusjonen.

E16 ryddet
Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Siste video

Programleiar: Tale Hauso
Panini-bølgen sprer seg over landet under VM.
Kvinner i klart undertall gatelangs i Bergen. Nå blir det endring.