Her pensjonerer dei turbinkjempa

EIDFJORD (NRK): Brei last måtte forsere tronge vegar då verdas største peltonturbin fekk si siste reis i Hardanger.

Turbin blir turistattraksjon

ENORM: Dette er det største turbinhjulet i sitt slag. No blir det attraksjon.

Foto: Tale Hauso / NRK

Om turbinhjulet hadde fått trille fritt og ikkje hadde vore fastmontert inne i Sima kraftstasjon, ville det ha rulla ein avstand tilsvarande 229 gonger rundt ekvator.

Turbin there, done that.

For no er hjulet tatt ut av teneste. Det havarerte for tre år sidan etter å ha laga kraft i Simadal sidan Odvar Nordli var statsminister.

Turbin-frakt i Eidfjord

BREI LAST: Det var lita klaring på vegen frå Simadal til Eidfjord sentrum.

Foto: Tale Hauso / NRK

Produktivt hjul

Etter havariet tok Statkraft kontakt med Eidfjord kommune for å høyre om dei ville ha turbinhjulet om det blei bytta ut. Det takka Eidfjord kommune ja til.

Denne veka blei det frakta på plass med politieskorte.

Hjulet har ikkje gått kontinuerleg sidan 1981, men har vore i drift i cirka 30.000 timar. Med full effekt blir det cirka 9 terawattimar, nok straum til å forsyne Bergen by i tre år.

Prosjektleder Rolf Yngvar Jenssen, Statkraft

SOM PLANLAGD: Prosjektleiar Rolf Yngvar Jenssen kan slå fast at alt gjekk som det skulle.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Flott symbol

Transporten blei òg ein kraftprøve. Med berre fem millimeter klaring blei hjulet lirka på plass på sokkelen.

– Det ser bra ut, konstaterer prosjektleiar Rolf Yngvar Jenssen.

Anved Johan Tveit, ordfører Eidfjord

NØGD: Ordførar Anved Johan Tveit.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ordførar Anved Johan Tveit (Sp) er glad for sluttkapittelet i denne delen av norsk industrihistorie.

– Det er eit flott symbol på den store verdiskapinga som skjer med vasskraftproduksjon her i Eidfjord, seier han.

– Eg trur mange turistar vil stoppe opp. Det er jo eit blikkfang.

LES ÒG: – Vi kan ta imot store vassmengder