Hopp til innhold

Her er siste spor etter Eeva

Politiet offentleggjer dei siste bileta av den sakna Eeva-Maria Sieppi (31) i Bergen.

Overvakingsvideo frå Deli de Luca i Torggaten i Bergen natt til 17. mai 2013. Bildene viser den sakna Eeva-Maria Sieppi (31).

VIDEO: Her kjem Eeva-Maria Sieppi (31) inn i kiosken Deli de Luca i Torggaten i Bergen natt til 17. mai.

Sakna - Eeva-Maria Sieppi

HÅPAR PÅ TIPS: Politiet håpar dei nye bileta gir fleire tips om den sakna Eeva-Maria Sieppi.

Foto: Privat

I samråd med familien hennar går politiet no ut med bileta som viser Eeva-Maria Sieppi på Deli de Luca i Torggaten i Bergen sentrum den natta ho forsvann.

Håpar på nye vitne

– Vi har ikkje fått inn nokon nye opplysningar frå vitne. Vi håpar at desse bileta kan få folk til å melda seg med tips eller vitneobservasjonar, seier Rigmor Isehaug ved Bergen sentrum politistasjon til NRK.no.

Bankkortet til Sieppi blei sist brukt ved Deli de Luca i Torggaten klokka 03.03 natt til 17. mai.

Politiet går også gjennom bilete frå andre overvakingskamera i sentrum, i håp om at dei kan gje nye spor i leitinga.

Ny leiting i kveld

Eeva-Maria Sieppi blei meldt sakna laurdag 18. mai.

Familie og vener har i fleire dagar leita etter Sieppi i Bergen.

Det frivillige søket etter henne held fram i kveld. Leiteaksjonen er omtalt på Facebook-sida for sakna personar i Noreg.

Den sakna 31-åringen bur og jobbar i Bergen, men kjem opphaveleg frå Finland.

Slik er signalementet på den sakna 31-åringen då ho sist blei sett:

  • 1,56 cm høg
  • Grøne auge
  • Raudt hår
  • Svart skinnjakke, svart topp med hovudskallemotiv
  • Svarte bukser med sølvkuler på sidene og svarte sko med liten hæl
  • Tatoveringar på begge armane
  • Snakkar finnmarksdialekt
Sieppi, etterlysing

ETTERLYSING: Vener og familie har hengt opp etterlysingsplakatar i Bergen.

Foto: Roy Hilmar Svendsen