Hopp til innhold

Her enda ferda for lastebilen

Ein lastebil i Øvre Sædalsvei i Bergen fekk eit ufrivillig møte med asfalten i natt.

Lastebil

BRÅSTOPP: Lastebilen frå BIR enda med førarhuset i asfalten etter å ha stått trygt parkert i fleire timar.

Foto: Kjersti Torsvik

– Dette her er ikkje kvardagskost, seier Kjersti Torsvik som på veg heim frå byen vart møtt av lastebilen som hadde rulla over murkanten.

Politiet fekk melding om lastebilen i Øvre Sædalsvei i Fana bydel i Bergen like over klokka eitt natt til laurdag.

– Det var flaks at dette skjedde det på natta. Hadde det vore på dagtid kunne folk ha blitt skada. Bilen tok med seg gjerdet på veg ned, så det laga ganske mykje lyd. Det var fleire som kom til for å sjå kva som hadde skjedd. seier Torsvik.

Kjersti Torsvik

Kjersti Torsvik

Foto: Privat

Det var ein bedriftsbil frå BIR, som vert brukt til innsamling av søppel, som fekk ein ufrivillig tur over murkanten.

– Lastebilen hadde trilla av garde utfor ein mur og inn i ein anna bil, som fekk mindre skader. Det var ingen i bilen, og heller ingen som blei skada. seier Kjersti Eidsnes, operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

Lastebil av veien

TOK MED GJERDE: Lastebilen reiv med seg eit gjerde på veg over muren.

Foto: Kjersti Torsvik

Var trygt parkert

Kommunikasjonssjef i BIR, Mette Nygård Havre, seier dei ikkje veit noko om årsaka til at bilen rulla av vegen.

– Bilen vart henta inn og er no sendt til verkstad. Men dei får ikkje sett på bilen før på måndag, så me veit faktisk ingenting om kva årsaka er endå.

Lastebil
Foto: Kjersti Torsvik

Bilen stod trygt parkert sidan fredag ettermiddag.

-– Den vart parkert fredag i halv tre tida, og sto i ro heilt til den byrja å rulla i natt.

Med ein så stor bil er ho glad for at det gjekk så bra som det gjorde.

– Dette kunne jo ha gått mykje verre. Me er berre veldig glad for at ingen vart skada, seier Havre.