Hopp til innhold

Her crowdsurfar Morten (24) i rullestol

– Det var heilt sinnsjukt kult. Ei stund trur eg fleire auge var retta mot meg enn mot artisten, seier Morten Marius Skau.

Crowdsurf Yelawolf

Etter at 24-åringen vart lam i begge beina for åtte år sidan, har han ikkje vore på mange konsertar. Men på konserten i helga skjedde det noko han aldri trudde han skulle få oppleve, nemleg å crowdsurfe i rullestol.

Skau som kjem frå Mysen i Indre Østfold, hadde reist eins ærend til Bergen i helga for å få med seg konserten med rapparen Yelawolf på Bergenfest.

«Blodfan»

Plutseleg løftar Yelawolf rullestolen min opp og køyrer meg ut i publikum. Det var heilt vilt.

Morten Marius Skau

Skau har lenge vore fan av sørstatsrapparen Yelawolf, eller Michael Wayne Atha som han eigentleg heiter. Yelawolf slapp debutplata si «Creek Water» i 2005, sidan den gong har han samarbeida med andre store artistar som Eminem.

– Han har vore ein av favorittartistane mine sidan eg høyrde han for fyrste gong. Han er rett og slett sjukt bra, eg er blodfan, seier 24-åringen.

Går sjeldan på konsert

Yelawolf

FEKK VERE MED BACKSTAGE: Morten Marius Skau vart invitert backstage etter konserten og fekk helse på sitt store idol.

Foto: Privat

Skau seier han lenge har gleda seg til konserten med sin store helt, det er nemleg ikkje ofte han er på konsert. Då han var 16 år brakk han nakken i eit fall på trampoline, det resulterte i at han vart lam i begge beina.

– Det er ofte vanskeleg å få sett konsertar når man sit i rullestol. Det er ikkje alltid like godt tilpassa for oss rullestolbrukarar. Det er jo ikkje kjekt å ikkje få sett noko av bandet man er der for å sjå, seier Skau.

Difor var 24-åringen tidleg på plass i teltet Magic Mirrors på Bergenshus festning laurdag. Han ville ha plass heilt framme ved scena for å få sett mest mogleg av konserten. Men det godtok ikkje vaktene.

– Straks konserten byrja kom dei bort til meg og bad meg om å flytte meg heilt bak Dei var redde for at eg skulle bli most av publikum. Eg gjorde som dei sa, men eg såg jo ingenting der bak. Det her kan dei berre gløyme, tenkte eg, og pressa meg tilbake fram til scena.

Då fekk vaktene nok, og drog 24-åringen ut av rullestolen og bar han ut frå teltet og sette han ned på grusen ved Raude Kors sitt telt. Der fekk han klår beskjed om at han ikkje fekk sjå meir av konserten.

– Eg vart på gråten, rett og slett heilt knust. Eg tenkte at no er sommaren øydelagt.

«Where is the man in the chair?»

Skau skulle akkurat til å reise heim då han høyrde Yelawolf rope ut i salen etter han.

– Where is the man in the chair? Get him back here, skreik han ut salen, fortel Skau.

Då hadde ikkje vaktene anna val enn å få 24-åringen tilbake, og trilla han fram på scena. Der fekk han sjå konserten i fred frå scena, fram til «Yelawolf» byrja å spele Kid Rock`s Lets Roll.

– Det er jo ganske ironisk at dei byrja å spele akkurat den songen, ler Skau. Plutseleg løftar Yelawolf rullestolen min opp og køyrer meg ut i publikum. Det var heilt vilt.

– Alle strakk armane mot meg, ei lita stund der trur eg nesten det var fleire auge retta mot meg enn det var mot Yelawolf. Eg datt nesten ut av stolen fleire gonger, men eg brydde meg ikkje, ler Skaug.

Hylla på sosiale medier

Videoen av Skau som crowdsurfar på publikum har spreidd seg på Internett dei siste dagane. Reaksjonane er berre positive, fortel Skau.

– Det er mange som har sagt at dei tykkjer det er utruleg kult at eg gjorde det. Sjølv tykkjer eg det kulaste er at Yelawolf sjølv posta eit bilete av meg på Instagram.

instagram
Foto: Instagram