Hopp til innhold

Sjå bileta frå Bergenfest

Skambankt, Thomas Dybdahl og ZZ Top trollbatt Bergen.

I kveld starta Bergenfest. Ein fem dagar lang musikkfestival lagt til Bergenhus festning skal også i år gje bergensarar og tilreisande konsertopplevingar med artistar frå både inn- og utland.

Sjølv om vêret har vore av ymse slag den fyrste festivalkvelden, har oppmøte på den fyrste festivalkvelden vore bra.

Me har alltid vore sterke på amerikansk folkemusikk. Dette prøver me å halde på. Samstundes har spennvidda i det musikalske uttrykket vårt nok vorte større.

Presseansvarleg i Bergenfest, Ole-Morten Algerøy

– Det var veldig moro då me kom i gong klokka fire med Mark Mulcahy. Thomas Dybdahl hadde ein fin konsert på scenen Plenen, og Skambankt som spelte på Bergenfest Ung i går, fekk verkeleg med seg publikum i dag også, seier presseansvarleg i Bergenfest Ole-Morten Algerøy.

Frå onsdag til søndag skal så ulike artistar som ZZ Top, Blondie, Lana del Rey, Robert Plant, John Mayer, og Simple Minds opptre på dei tre scenane inne på festningen.

LES OGSÅ: Skambankt opna Bergenfest i dag - Hordaland

Starta stort

Onsdag kveld var det mellom anna Skambankt, Thomas Dybdahl og ZZ Top som inntok scena.

Skambankt var med på å starte ballet, før Thomas Dybdahl serverte balsam for øyregangane. Til slutt tok ZZ Top hardhendt over med stort skjegg og stor rock.

Også Wovenhand, The Strypes og Ben Miller band spelte i kveld.

Noko vått var det, men publikum såg på ingen måte ut til å la seg affektere. Det er trass alt Bergen det er snakk om.

«Ingen raude trådar»

Bergenfest har endra seg sidan oppstarten i 1993. Festivalen som no er over 20 år gammal var tidlegare ein klubbfestival lagt til ulike lokale i Bergen sentrum. Dei siste tre åra har festivalen halde hus på Bergenhus festning.

– Det største steget me har tatt er flyttinga frå klubbscenane i sentrum til Bergenhus, då me Bergenfest fekk eit reindyrka festivalformat.

– Me føler lokalbefolkninga har byrja henge seg på det nye formatet og kjøper festivalpass. På festivalar får jo folk sjansen til å oppdage nye artistar dei ikkje hadde kjøpt billettar til å sjå.

Bergenfest har tradisjon for å ha eit program med mykje amerikansk folkemusikk. Dette er ein tradisjon dei er opptatt av å vidareføre, seier Algerøy.

– Me har alltid vore sterke på amerikansk folkemusikk. Dette prøver me å halde på. Samstundes har me eit stort spenn i artistar frå hip hop, via hard rock til hip hop. Spennvidda i det musikalske uttrykket vårt har nok vorte større.

– Slagordet vårt «ingen raude trådar, berre god musikk», har me halde på.

Festivalpass og dagpass laurdag er utseld

Billettsalet til Bergenfest 2014 har ifølgje arrangørane vore bra. Det er ikkje lenger mogleg å skaffe seg festivalpass, og dagpassa til laurdag er også utselde.

– Dei som sit på gjerdet, må bestemme seg snart, for salet til dei andre dagane går godt, seier Algerøy.