NRK Meny

Helikopter skulle lande på luksusbåt – styrta i Byfjorden

BERGEN (NRK): Ein person er kritisk skadd etter at eit helikopter styrta i sjøen i Sandviken. – Rotoren fauk i fillebitar, og helikopteret snudde seg på høgkant, fortel eit augevitne.

Slik så det ut da helikopteret G-HKCN ble hevet fra sjøen i Bergen, et par timer etter at det styrtet ved en luksusbåt. Foto: Stian Sørum Røkenes

SE VIDEO: Like etter midnatt vart helikotperet heva frå sjøen ved Bontelabo i Vågen i Bergen. Torsdag skal det undersøkast. Foto/red.: Stian Sørum Røkenes

SISTE: Torsdag føremiddag er tilstanden til ein av dei skadde endra frå alvorleg til kritisk skadd. To personar er lettare skadde.

Like før klokka 21.30 onsdag kveld fekk politiet melding om ein helikopterstyrt i Sandviken, like ved Elsesro.

Laster Twitter-innhold

Alle dei tre personane som var om bord i helikopteret vart raskt henta opp frå sjøen og inn til land. Ein person fekk livreddande førstehjelp på staden, men alle tre er no sende til Haukeland universitetssjukehus.

Dei første opplysningane gjekk ut på at ein person var kritisk skadd etter ulukka. Klokka 00:25 opplyser Helse Bergen at ein person er alvorleg skadd, medan ein 53 år gamal mann og ein 62 år gamal mann er lettare skadd etter ulukka.

Klokka 10.45 torsdag melder Helse Bergen at tilstanden til mannen er endra frå alvorleg til kritisk skadd.

Yatch helikopteret skulle lande ved

LIGG I BYFJORDEN: Denne båten ligg i sjøen utanfor Sandviken. Ifølge politiet gjekk helikopteret ned då det var på veg til båten.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Ifølge Hovudredningssentralen skal to av dei involverte ha vore om bord i ein flåte då redningsbåten kom til staden.

– Truleg har dei hatt noko redningsutstyr som har vorte utløyst automatisk då ulukka inntrefte, seier vakthavande redningsleiar Owe Frøland.

Helikoptervraket er sikra og vert undersøkt vidare på torsdag.

Havarikommisjonen er varsla, og kjem til Bergen i løpet av natta.

Helikopteret som styrta i Byfjorden
Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Eit mindre helikopter

Helikopteret skulle lande på ein privat superyacht som ligg i Byfjorden, då ulukka inntrefte.

– Helikopteret var på veg til ein stor yacht som ligg oppankra i bukta. Helikopteret har gått i sjøen i samband med landing på denne yachten, seier operasjonsleiar i politiet Bjarte Rebnord.

Ifølge Luftfart Media skal det vere snakk om eit britiskregistrert helikopter av typen AS350 som var på veg frå Flesland til ulykkesstaden. Helikoptertypen er eit einmotors, lettare turbinhelikopter, ifølge Wikipedia.

Yachten som helikopteret høyrer til har eit mannskap på 17 personar. Båten har lege fleire dagar i Bergen.

Den 60 meter lange yachten vart seld for over 250 millionar kroner for få år sidan, ifølgje Boat International.

Helikopter i sjøen i Sandviken

REDNINGSARBEID: Fleire båtar er onsdag kveld på ulukkesstaden.

Foto: NRK tipsar

Dykkarar frå brannvesenet har gjort undersøkingar, og det vert bekrefta at det ikkje var fleire personar i helikopteret.

Alle involverte om bord i helikopteret og på yachten skal avhøyrast, og fleire vitne er allereie avhøyrd torsdag kveld. Det er for tidleg å sei noko om kva som utløyste hendinga, skriv politiet i ei pressemelding.

Såg helikopteret gå ned

Eit augevitne fortel til NRK at han såg helikopteret som forsøkte å landa på yachten.

– Det var nesten som det vart skote ut med eit smell. Politi og ei rekke andre båtar kom lynraskt til staden, seier Leif Hansen.

Eit anna augevitne som NRK møter i Sandviken fortel at han stod på terrassen då han såg helikopteret kom inn for landing.

– Då det nærma seg båten trefte rotoren øvste dekk. Rotoren fauk i fillebitar, og helikopteret snudde seg på høgkant. Det landa på ryggen i sjøen.

Karoline Kongshaug såg det heile frå stovevindauget.

– Der er det ein stor yacht, og så ser eg eit helikopter som styrtar rett ved sidan av yachten. Det tok litt tid før eg innsåg kva som skjedde. Det såg nesten ut som om helikopteret tok ein salto før det landa i vatnet. Det sank veldig raskt, det var heilt forferdeleg, fortel Kongshaug.

Deler fra helikopteret som styrtet

VRAKDELAR: Helikopterkroppen er tatt på land i Sandviken i Bergen. Her er delar av helikopterkroppen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Siste video

Uredd rev dukker opp ved huset til revejeger Hans Gunnar Skarstein to ganger om dagen
Brann vant trygt på bortebane. Men skulle Lysekloster hatt straffe tidlig i kampen?
Programleder Mette Anthun.