Havforskarane har aldri sett maken: Kysten kokar av småfisk

– Ein må i alle fall tilbake til 1970-talet for å finne tilsvarande, seier Havforskingsinstituttet. Dei enorme småfiskmengdene er godt nytt både for storfisken og fiskarane.

Tobis Glesvær

KOK: Store mengder av småfisken tobis ved Sotra. Makrellen jaktar. VIDEO: Jon Steinar Midlang

– Eg har aldri sett maken. Eg har snakka med fleire andre også, og det er ingen som har sett så mykje tobis her i området på 60-70 år, seier Jon Steinar Midlang.

Han fanga på film eit enormt kok av det som truleg er arten tobis utanfor Glesvær på Sotra denne veka.

Som Ivar Aasen ville sagt det: Der leikade fisk nedi kavet.

Fisken strøyma heilt inn i fjøra i store mengder, så store som lokalbefolkninga ikkje før har sett. Det har heller ikkje Keno Ferter, forskar ved Havforskingsinstituttet (HI).

– Eg har forska på fiskebestand i ti år, men har aldri sett så store mengder. Kollegaene mine seier òg at dette er sjeldan, seier Ferter til NRK.

40 år sidan sist

HI fortel om liknande rapportar om svært høg tobisforekomst frå fleire stader. HIs bestandsrådgjevar for tobis, Espen Johnsen, er òg svært overraska.

– Vi har høyrd om tobisstimar som dette både frå Karmøy, Askøy, Sotra og andre stader. Ein må i alle fall tilbake til 1970-talet for å finne tilsvarande. Eldre fiskarar vi har intervjua hugsar slike fenomen, seier Johnsen på telefon frå tobistokt ved Runde.

Midlang fekk også filma ein liten del av stimen ved Glesvær under vatn:

Tobis under vannet ved Glesvær

UNDER VATN: Store mengder tobis ved Sotra. Foto: Jon Steinar Midlang

Forskar på fritidsfiske

Fiskarar har også stadfesta at det er store mengder småfisk i sjøen så langt i år.

– Vi forskar på og kartlegg fritidsfisket i eit treårig prosjekt, og vi er konstant ute i felt og gjer intervju med fiskarar. Det var då vi la merke til all tobisen, seier Ferter.

Tobisen held seg dei i konstant rørsle og trekkjer til seg andre artar til middagsbordet. Ved Sotra fann makrellen fram og jakta konstant i stimen.

Gode nyhende

– Tobis er viktig mat for andre fiskar. Det blir spennande å sjå om makrellstørjefisket blir påverka av desse mengdene, seier Ferter.

Johnsen er òg særs optimistisk på vegner av livet i sjøen.

– Tobis er ein viktig fisk. Torsk, hyse og andre artar et mykje av den. Tobis inneheld mykje næring, forklarer han.