Havarikommisjonen skal granske

Statens vegvesen si ulukkesgruppe blei kopla inn måndag i tillegg til politiet sine kriminalteknikarar. No er også Havarikommisjonen varsla etter dødsulukka på E16. – Vi veit førebels ikkje meir om årsaka til ulukka. Vi treng å avhøyre fleire som var involvert, og vente på svar frå dei tekniske undersøkingane, seier etterforskingsleiar, Per Gunnar Thrane, ved Voss lensmannsdistrikt.