Har festa sju av ti vaierar

Sjøforsvaret har i natt festa den sjuande av totalt ti vaierfester som skal sikra havaristen KNM Helge Ingstad. Presseoffiser Thomas Gjesdal vil ikkje anslå når ein planlegg å starta bergingsaksjonen av fregatten. – Ei vurdering blir gjort fortløpande.