Hopp til innhold

Hevdar han vart angripen av arbeidarane

Franskmannen som er sikta for å ha gått til angrep på to personar i Bergen, seier han handla i sjølvforsvar.

Politiet måtte bli med luftambulansen til fjells fredag.

FEKK BANK: Her har den franske mannen blitt frakta ned frå fjellet og får tilsyn av ambulansepersonell. I avhøyr har han forklart at det var dei to arbeidarane som gjekk til angrep først.

Den 26 år gamle franskmannen har vore i avhøyr med politiet i dag. Han er sikta for lekamsskading etter eit slagsmål med kniv og kuben ved Nordneshytten på byfjella i Bergen fredag føremiddag.

– Det han forklarar i avhøyr er at han forsvarte seg sjølv. Han meiner at han vart angripe av dei to arbeidarane, fortel politiadvokat Duc Nguyen i Hordaland politidistrikt til NRK søndag.

Den sikta erkjenner ikkje straffskuld og ønskjer å anmelda dei to arbeidarane frå Litauen.

– Spørsmål om kven som angreip først

Det var fredag av væpna politi vart med luftambulansen til fjells, etter meldingar om at fleire personar var i slåstkamp ved Nordneshytten i Bergen. Alle dei tre involverte fekk lettare skader og vart frakta kvar for seg ned til sentrum.

Den franske mannen hamna på Haukeland med ribbeinsbrot og har difor ikkje kunne forklare seg for politiet før i dag. Han sit no i arresten i Bergen sentrum.

Dei to arbeidarane har forklart at franskmannen oppheld seg i hytta då dei kom opp, og at dei gav han lov til å opphalde seg der fordi det regna. Då dei byrja arbeidet på hytta, skal franskmannen plutseleg ha gått til angrep på dei med kubein.

Fengsling måndag

– Det er påstand mot påstand. Det dei involverte ikkje er samde i er kven som gjekk til angrep først, fortel Nguyen som likevel seier at politiet festar meir lit til forklaringa til dei to arbeidarane.

Han vil difor foreslå at franskmannen vert framstilt for varetektsfengsling, og fengslinga vil i så fall gå føre seg måndag.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med mannens forsvarar, Egil Jordan, søndag.