Hopp til innhold

Fekk ly for regnet – angreip med kubein

To arbeidarar frå Litauen vart angripe av fransk turgåar. Gjerningsmannen er enno ikkje avhøyrt av politiet, og det blir truleg ingen avhøyr i dag heller.

Gjerningsmann

IKKJE AVHØYRT ENNO: Her blir den mistenkte ført inn i ambulanse av politi og helsepersonell. Det blir ikkje avhøyr av mannen i dag, ifølge forsvarar Egil Jordan.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Luftambulanse Bergen

FRAKTA MED LUFTAMBULANSE: Dei tre involverte vart kvar for seg frakta ned frå fjellet med luftambulanse.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Det var fredag føremiddag at væpna politi rykka ut med luftambulansen til Nordneshytten på byfjella i Bergen, etter meldingar om eit slagsmål mellom fleire personar. Ein 26 år gamal fransk turgåar skal ha angripe to personar frå Litauen som gjorde arbeid på hytta.

Dei to arbeidarane slapp unna med lettare skader.

– Franskmannen vart innlagd på Haukeland universitetssjukehus med mellom anna ribbeinsbrot, fortalde operasjonsleiar Kjersti Eidsnes i politiet til NRK fredag.

– Gav han ly for regnet

Laurdag er dei to fornærma avhøyrt av politiet. Det er Nordnes IL i Bergen som eig hytta. Leiar Terje Straumøy seier til Bergensavisen i dag at franskmannen skal ha vore på hytta då arbeidarane kom opp fredag.

– Han har brote seg inn og arbeidarane bad han først om å gå. Men sidan det regna slik, fekk han likevel vere der. Etter at dei gjekk ut for å arbeide har mannen heilt ut av det blå angripe dei bakfrå med eit kubein, seier Straumøy til BA.

Franskmannen er sikta for lekamsskading. Ifølge Straumøy har mannen brote seg inn i Nordneshytten før.

Ikkje avhøyr i dag

Dei to arbeidarane har vore i avhøyr med politiet, medan den sikta framleis ikkje har gjeve si versjon av kva som skjedde på byfjella.

Det er advokat Egil Jordan som er nemnd opp som forsvarar for franskmannen. Til NRK seier han at han ikkje har fått snakka med sin klient enno.

– Det blir nok ikkje avhøyr med politiet i dag, seier Jordan.

Årsaka er at den sikta framleis ligg innlagd på Haukeland sjukehus med skader etter at dei to arbeidarane til slutt overmanna han etter angrepet på Nordneshytten.

Politiet måtte bli med luftambulansen til fjells fredag.