Hopp til innhold

Håpar på opning av nedbrent asylmottak i februar

I desember blei delar av det planlagde asylmottaket for mindreårige i Lindås tent på og brent ned til grunnen. No jobbar folk i herdig for å opna mottaket i løpet av februar.

Lune Huler

NEDBRENT: Slik ser det ut på branntomta i dag. Den vart ikkje frigjort til eigarane av hotellet før for ei veke sidan. – Me må sjølvsagt få rydda skikkeleg før ungdommane kjem. Dette kan ikkje vera det første som møter dei, seier hotelleigar Jenfrid Stellberg.

Foto: ODDBJØRN ROSNES / NRK

– Folk engasjerer seg, og ønsker ikkje å identifisera seg med å vera den kommunen som tenner på asylmottak, seier hotelleigar Jenfrid Stellberg.

Natt til 6. desember i fjor vart delar av hotellet «Lune Huler»som skulle bli eit asylmottak for mindreårige i Lindås kommune sett fyr på og brent ned til grunnen.

Hotellet som skulle bli mottak for 40 einslege mindreårige asylsøkarar fekk store skadar, og den planlagde opninga 1. januar i år var ikkje mogleg å få til.

No har det vore seks hektiske veker for Stellberg.

– Me vil jo ha det fort opp å gå for ungdommane sin del. Det har vore mykje jobbing og planlegging etter brannen. Men om alt klaffar som det skal, så blir det opning i løpet av februar.

Brann hotell lune huler i Lindås

FLAMMEHAV: Det var ein svært krevjande jobb som møtte brannvesenet på staden natt til 6. desember. – Det var fullstendig overtent. Det så ut som eit krater eller ein vulkan. Eg kan ikkje huske sist gang eg så høge og brede flammar, sa vakthavande brannsjef Nils Medaas, som leidde arbeidet med å sløkke brannen.

Foto: Oddbjørn Rosnes / NRK

Sett opp brakker

Hotelldelen av bygget er intakt, så der ungdommane skal sova er alt klart for at folk kan flytta inn,

– Heile hotellhuset er vaska og gjort klart. Alle senger og madrassar er kome inn i huset.

Servicebygget brann ned, og dei har bestilt inn brakker som skal fungera som opphaldsrom, kjøkken og kontorbygg.

– Branntomta vart ikkje frigitt frå politiet før måndagen som var, så det fysiske arbeidet startar no med å få på plass brakkene.

Stellberg fryktar ikkje at hotellet skal bli sett fyr på igjen.

– Nei eg trur ikkje det vil skje. Det er så massiv støtte og velvilje til å ta i mot desse barna her i kommunen.

Jenfrid Stellberg, eigar av Lune Huler hotell

GIR IKKJE OPP: Eigar av hotellet «Lune Huler», Jenfrid Stellberg, framfor hotellet etter brannen i desember. Ho ser fram til å få mottaket på beina i løpet av februar månad.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Stort engasjement

Stellberg skryt av kommunen og innbyggarane som har vore svært villige til hjelpa til med å la mottaket bli ein realitet.

På eit folkemøtet veka etter brannen vart ordføraren i Lindås rørt til tårer av all støtta ho fekk frå innbyggarane i kommunen.

– Folk vil verkeleg at dette skal bli bra. Det var ein som ringde her om dagen og lurte på når ungdommane kom, fordi dei hadde bruk for dei på fotballaget.

.

Lune Huler
Foto: ODDBJØRN ROSNES / NRK

Viktig å starta opp

– Me ser veldig fram til opninga. Det har vore ein krevjande prosess med brannen for lokalsamfunnet. No vil me at ungdommane og kommunen skal få bli kjent med kvarandre, seier Ronja Trolie i Norsk Mottaksdrift, som skal drifta mottaket.

Ho seier dei er godt førebudd, og at det no berre er bygget som manglar. Å droppa planane om å starta mottak i Lindås var aldri eit alternativ, fortel ho.

– Alle involverte partar har vore einige om at det er veldig viktig å starta opp for å visa at det ikkje går an å hindra slike mottak gjennom å gjera kriminelle handlingar.

Ronja Trolie

GODT FØREBUDD: Ronja Trolie er regionleiar i Norsk Mottaksdrift. Ho gler seg til å endeleg kunne ta i mot dei einslege mindreårige som kjem til Lindås, truleg i løpet av februar.

Foto: Petter Strøm / NRK