Dermed skal Viken ta over jobben som Victor Sneberg hadde i Algerie. 56-åringen, som var busett i Sandnes, var ein av fem norske Statoil-tilsette som vart drepne under terroraksjonen ved gassanlegget i In Amenas.
– Det er klart at det forferdelege angrepet vil prega heile organisasjonen i lang tid framover. Landsjefen si oppgåve vil vera å sjå til at me brukar den tida me treng for å komma tilbake til ein normal situasjon i Algerie, i den grad noko kan verta normalt etter det som har skjedd, seier informasjonssjefen.
Les òg: Alt om terroraksjonen mot Statoil-anlegget i In Amenas
Lang erfaring
Etter å ha vore direktør ved oljeraffineriet på Mongstad i ei årrekkje, har Bjørn Kåre Viken i seinare tid vore leiar for Technology Excellence i Statoil. Han har òg vore direktør for marin teknologi og operasjonar i selskapet. Viken er busett i Bergen.
– Bjørn Kåre Viken er ein tilsett med lang og brei erfaring frå ulike delar av Statoil sin aktivitet, seier Skauby.
Starta drifta i går
I går starta Statoil opp att drifta ved ei av dei tre produksjonslinjene ved anlegget i In Amenas.
– Den nye landsjefen vil mellom anna ha oppgåva med å vurdera kva tid det vil vera riktig å ha Statoil-personell tilbake til anlegget i In Amenas, seier Skauby.
I dag har ikkje Statoil personell ved anlegget i In Amenas, men ved Statoil sitt kontor i Alger og ved ein operasjonssentral ein annan stad i Algerie.
No er det selskapet Sonatrach som driftar anlegget i In Amenas, med støtte frå Statoil-tilsette som er lokalisert ved dei nemnde stadane.
Bjørn Kåre Viken ønskjer først å uttala seg om den nye stillinga når han har tatt fatt på jobben.