Hopp til innhold

Møtast i mørke bakgater for å byta fotballkort

Møt Panini-mannen. I vekene før fotball-VM sørgjer han for at butikkane tek inn nok av dei populære klistremerka.

Panini-mannen

IVRIG PÅ FOTBALLKORT: Panini-mannen er viden kjent for å ringa rundt til butikkar for å spørje om dei har fått inn dei populære fotballkorta.

Foto: Erik Hanøy / NRK

«Eg har berre eitt enkelt spørsmål til deg: Har du Panini?»

Mang ein gong har Panini-mannen tatt opp telefonen og ringt rundt til kioskar og butikkar. Agendaen er enkel: Å høyre om dei har fått inn dei populære klistremerka som nær alle fotballinteresserte i desse dagar samlar på.

På Facebook deler den sagnomsuste samlaren lydklippa med sine over tusen følgjarar. NRK fekk eit eksklusivt møte med den anonyme Panini-mannen som omtalast som sjølve nestoren i fotballklistremerke-miljøet i Hordaland.

– For meg er det viktig å sørge for at det er nok Panini-bilde på marknaden. Det har vore eit stort problem i det norske samlemiljøet dei siste åra, seier Panini-mannen alvorleg.

Han vekslar mellom fleire dialektar og har også gitt seg ut for å vera forfattar Frode Grytten i jakta på nye Panini-klistremerker.

Høyr det sjeldne intervjuet med den sagnomsuste Panini-mannen:

– Møtast i mørke bakgater

Går bananas over fotballklistremerker

POPULÆRT: Desse klistremerka går som varmt kveitebrød hjå leikebutikkar og kioskar under fotball-VM.

Foto: ANDREJ ISAKOVIC / Afp

Heilt sidan VM i Mexico i 1970 har det italienske teikneserieforlaget Panini gitt ut samlealbum og fotballkort i samband med fotball-VM.

For mange fotballnerdar har det blitt ein tradisjon å kjøpe Panini-album og samle klistremerke med bilete av spelarar, stadion og lag. Samlealbuma er populære hjå barn og unge, men også menn godt oppe i 40-åra er ivrige samlarar.

– Eg har samla i mange herrens år, og det eksisterer ein betydeleg byttemarknad, forklarar Panini-mannen.

– Det er eit eksklusivt nettverk, der mange møtast i mørke bakgater for å byta bilete. Det finst også meir synlege bytemarknadar, slik som på Facebook, der mange lagar grupper for å byta seg imellom.

Tar oppgåva på alvor

Men på grunn av populariteten, kan det fort gå tomt i butikkane. Nestoren i Panini-miljøet ser alvorleg på oppgåva si om å sørga for nok bilete i butikkane.

– Så det er difor eg ringjer til butikkane for å stressa dei litt. Det er gjerne slik at dei som er meir kapitalsterke kjøper såpass med merker at det vert tomt fortare.

Høyr Panini-mannen ringe til Narvesen:

Panini-mannen meiner albumet kortar ned ventetida fram til VM, og at heftet også kan hentast fram att seinare for å studera lag, spelarar og resultat frå kvart meisterskap. Sjølv fekk han albumet sitt til årets fotball-VM i Brasil komplett i går.

– Det stemmer. Det var ein stor dag for meg.

– Kva gjer du no då?

– Som den Panini-gentleman eg er, sit eg med ein bunke bytebilete som eg deler ut til mine undersåttar. Det blir stadig fleire av dei. Det er naturleg å spreie kjærleiken.