Hopp til innhold

Guntveit ute mot Sandefjord

Cato Guntveit rekk ikkje bortekampen mot Sandefjord laurdag.

Guntveit starta med hell dei tre første kampane på høgrebacken til Brann denne sesongen, men gjekk glipp av heimeoppgjeret mot Start sist laurdag.

– Litt trist når ein var så godt i gang, men eg må berre ta opp att tråden der eg slapp han når eg får sjansen att, seier Guntveit til NRK.

Årsaka til skadefråveret hans er ei vond sene under foten.

I staden for å reise med resten av laget til Sandefjord fredag, vert Guntveit heime for å trene seg oppatt.

– Eg skal trene godt i helga og verte klar til 16.mai-kampen mot Fredrikstad.