Hopp til innhold

Overgrepstiltalt sendte brev til mor til offeret

BERGEN TINGRETT (NRK): Den tidlegare barnehagetilsette mannen (33) fortalde gråtande om overgrep framfor ein sal full av foreldra til offera.

Bergen tingrett avhørsbenk under overgrepssak

GAV FORKLARING: Mannen (33) som er tiltalt for overgrep mot sju barnehagebarn i Bergen forklarte seg her på avhøyrsbenken i dag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Den overgrepstiltalte 33-åringen fortel i dag korleis han fatta interesse for overgrep mot barn etter søk på internett.

Han står tiltalt for overgrep mot sju barn i to barnehagar i Bergen der han jobba.

Forklaringa i Bergen tingrett starta med oppveksten og kvifor han valde å flytta til Bergen i 2010.

– Eg kom inn på førskulelærar-studiet, men det var ikkje heilt slik eg såg det for meg. Eg slutta rett før eksamen, fortel tiltalte.

– Vekte avsky, så nysgjerrigheit

Tidlegare denne veka måtte rettssaka avbrytast då tiltalte fekk kraftige fysiske reaksjonar under avspeling av avhøyr med barn.

Då forklaringa i dag dreidde inn på ei oppgåve han skulle skrive på førskulelærar-studiet, kom dei krampeaktige reaksjonane tilbake.

33-åringen fortel at han skulle søke etter passande bilde til oppgåva, men på Google dukka det opp bilde som seksualiserer barn.

– Eit bilde av ein gut gjorde eit sterkt inntrykk, seier tiltalte, medan han har kraftige pustekramper og kjempar mot gråten.

Barnehageansatt erkjenner overgrep mot flere barn

TILTALT: Ein 33 år gamal mann er tiltalt for seksuelle overgrep mot sju barnehagegutar. Dei mest alvorlege overgrepa har ei strafferamme på 21 års fengsel.

Foto: Hommedal, Marit / NTB Scanpix/Faksimile fra Facebook

Han fortel at han etter ei stund likevel valde å prøve å finne igjen det eine bildet. Då finn han langt fleire bilde som seksualiserer barn og viser overgrep.

– Det vekte først avsky, deretter nysgjerrigheit. Nokre bilete lagra eg på maskina mi.

Då tiltalte vart arrestert i april 2016, fann politiet fleire hundre filmar og fleire tusen bilde på maskina hans som viser overgrep og seksualisering av barn.

Forgreip seg med andre barn til stades

Hausten 2011 fekk tiltalte jobb i ein barnehage i Bergen. 33-åringen fortel at han trudde han var ferdig med å kikke på overgrepsbilde, men at han etter få månadar «sprakk».

– For meg er dette motsettande. Å kikke på slike bilde og jobbe i barnehage, seier dommar Ove Kjell Hole.

Hausten 2012 byrja tiltalte i jobb i ein ny barnehage i Bergen. I denne barnehagen skjer det første overgrepet.

33-åringen fortel korleis han fleire gonger forgreip seg på ein fem år gamal gut. Mellom anna to gonger inne på eit kvilerom med andre barn til stades, deretter to gonger inne på eit toalett.

Magne Sylta i Bergen tignrett

AKTOR: Statsadvokat Magne Kvamme Sylta spør ut tiltalte i retten onsdag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Var aleine på jobb

Overgrepa i kvilerommet skjedde på slutten av arbeidsdagen, då tiltalte var aleine igjen på avdelinga og barna høyrer på lydbok. Aktor Magne Kvamme Sylta vil vite kor mange barn som var til stades.

– Har ikkje peiling, sukkar tiltale før han resonnerer seg fram til «kanskje fem».

– Kva med faren for å bli oppdaga, tenkte du på det?, spør aktor Magne Kvamme Sylta tilbake.

– Eigentleg ikkje. Eg såg ikkje for meg at eg skulle gjera noko slikt. Når eg kom heim var eg sint og lei meg, og gråt. Smerta over det eg har gjort sit i enda.

Tilbydde seg å vere barnevakt

I retten i dag blir det også avslørt at tiltalte har sendt brev til mor til eitt av overgrepsoffera, for å tilby seg som barnevakt. Dette gjorde han etter å ha forgripe seg fleire gonger på barnet.

– Kva er dette for noko?, spør aktor etter å ha lest brevet høgt i retten.

– Eg håpa vel kanskje å bekrefte at han hadde det bra og at eg ikkje hadde øydelagt han, svarar tiltalte og avviser at det var for å kunne gjere fleire overgrep.

Dei mest alvorlege overgrepa han er tiltalt for har ei strafferamme på 21 års fengsel. Det er totalt sett av tre veker til rettssaka.