Hopp til innhold

Overgrepssak avbroten i retten – vil sende tiltalte til lege

BERGEN TINGRETT (NRK): Forsvararen til den tidlegare barnehageassistenten (33) er uroa for helsa til mannen som har erkjent overgrep mot fem barn.

Barnehageansatt erkjenner overgrep mot flere barn

TIDLEGARE BARNEHAGEASSISTENT: Den tiltalte mannen, som vart arrestert i april i fjor, erkjende måndag overgrep mot fem barnehagebarn. Han nekta straffskuld for seksuelle handlingar mot ytterlegare to barn.

Foto: Hommedal, Marit / NTB Scanpix/Faksimile fra Facebook

Måndag starta rettssaka der ein 33 år gamal mann står tiltalt for overgrep mot sju gutar i to bergensbarnehagar han har jobba i.

I retten erkjente tiltalte straffskuld på alle tiltalepunkt, sett bort ifrå dei som handla om seksuelle handlingar mot to av dei sju barnehagebarna.

Undervegs var mannen nær å bryte saman fleire gonger. Difor vart retten avslutta tidlegare enn planlagd.

Uroa for mannen si psykiske helse

Dette skjedde etter at det vart spelt av tilrettelagde avhøyr av fornærma barn i saka, mellom anna av ein fire å gamal gut som fortel om kva som har skjedd.

– Han sa «ikkje sei det til nokon», seier guten til spesialavhøyraren.

Ein meter unna tv-skjermen i tingretten sat den tiltalte med hendene over hovudet og kraftige skjelvingar i kroppen. Som fleire gongar tidlegare i retten måndag, verka mannen nær ved å bryte saman.

Etter ein pause bad mannen sin forsvarar, Einar Råen, om ordet. Han var uroa for overgrepstiltalte sin helsetilstand etter ein dag i retten, og spurte dommaren om retten kunne halde fram med avspelinga utan at tiltalte var til stades.

– Det vart svært sterkt for min klient å sjå og høyre avhøyra av barna. Dette er barn han har kjend tidlegare. Han fekk pustevanskar og krampar, og eg trur dette skyldast at han tek veldig tungt på saka, seier Råen.

Forsvarar Einar Råen

FORSVARAR 33-ÅRINGEN: Advokat Einar Råen i Bergen tingrett måndag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Dommaren bestemte at det var betre å heve retten og sende tiltalte til lege.

– Mitt synspunkt er at den tiltalte bør vere til stades og sjå bevismateriale i retten. I tillegg ønskjer vi at han skal få nødvendig legehjelp, seier aktor Magne Kvamme Sylta.

– Viktig at han er til stades

– Eg såg reaksjonane til tiltalte undervegs, og trur retten har treft ei riktig avgjerd. Dette er ei svært alvorleg sak, og det er viktig at tiltalte høyrer på barna sine forklaringar. Vi får starte opp att tysdag, og sjå kor vi kjem då, seier bistandsadvokat Rolf Knudsen.

Han representerer dei fornærma barna og familiane deira.

– Det er svært viktig, både sett frå denne sida men også for tiltalte si eiga rettssikkerheit, at han vert sitjande i retten og ser avhøyra av barna han er tiltalt for å ha forgripe seg på, seier Knudsen.

Rolf Knudsen

– RIKTIG AVGJERD: Bistandsadvokat Rolf Knudsen meiner det er viktig at den tiltalte 33-åringen er til stades i retten og får høyre avhøyra av barna.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Det var 15. april i fjor at mannen vart arrestert, sikta for valdtekt av ein fire år gamal gut. I avhøyr erkjente mannen å ha forgripe seg på ytterlegare fire barn.

I mai i fjor vart det kjend at politiet etterforska eit sjette overgrep, og då tiltalen var klar var det totalt sju barnehagegutar statsadvokaten meiner mannen kan straffast for å ha forgripe seg mot.

Krev erstatning

Knudsen seier det har vore vanskeleg for foreldra til dei fornærma barnehagegutane at det har teke tid å få saka for retten.

– Men dei er innforstått med at grunnen er den breie etterforskinga politiet har gjort, seier bistandsadvokaten.

I innleiingsforedraget varsla Knudsen også at det vil bli lagd ned krav om erstatning.

– Det blir kravd erstatning for alle borna, men dette vil eg kome tilbake til i mitt sluttinnlegg, siste dag i retten, seier Knudsen.

Tilbake på tysdag

Forsvarar Einar Råen fortel at han har vore i kontakt med sin klient etter at han fekk tilsyn av lege tysdag ettermiddag.

– Vi er einige om at han skal forsøke å vere på plass i retten igjen på tysdag. Etter mi oppfatning er det sett av god til saka, så eg trur ikkje det vil vere problematisk å ta inn att den forseinkinga vi opplevde i dag, seier Råen.

Rettsforhandlingane varer til 12. oktober.