Byrådsleiar Monica Mæland.
Kommunen har betalt for mykje til pensjon og får istadenfor bruka dei 200 millionane til å betala ned på gjeld.
Det har Kommunaldepartementet avgjort, melder Kystradioen.
For mykje pengar til pensjon
Historien byrja med at økonomar på Rådhuset i Sandefjord rekna på kalkulator og leste dei kompliserte pensjonsreglene.
Dei kom fram til at dei hadde satt av for mykje pengar til pensjon.
Dei skreiv brev til Erna Solbergs departement, som sa seg samd.
Meir til skular og sjukeheimar
Og av dei tonnevis med breva som går mellom det offentlege kom Bergen over det brevet som var verd 200 millionar kroner.
Bergen fekk dermed omdisponera 200 millionar pensjonskroner.
Det betyr at Bergen i framtida får meir å rutta med til skular og sjukeheimar, seier byrådsleiar Monica Mæland.
- Det er veldig mykje pengar, og me er svært glade for avgjerda, fortel Mæland.
Betalar ned gjeld
Dei 200 millionane går rett nok med til å betala ned på den store gjelda bykassa har.
Men dess meir ein betalar i gjeld - jo meir kan brukast til andre føremål seinare.
Byrådsleiar Mæland skal ikkje feira gåvepakka.
- Me har heile tida vore eit svært nøkternt byråd så me skal bruka pengane på gjeldsbetaling, seier ho.