NRK Meny
Normal

Går til angrep på parlamentarismen i byane

Senterpartiet ønskjer å avvikla byparlamentarismen i Bergen, Oslo og Tromsø.

Ove Sverre Bjørdal i Senterpartiet i Bergen framfor rådhuset i Bergen

VIL BYPARLAMENTARISMEN TIL LIVS: Ove Sverre Bjørdal og Senterpartiet vil avvikla parlamentarismen i Bergen, Oslo og Tromsø. Her er førstekandidat Bjørdal framfor Gulating og rådhuset i Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Vallogo

Det er dei tre byane som i dag blir drive etter den politiske styringsforma parlamentarisme. Hovudstaden Oslo innførte byparlamentarismen allereie i 1986, medan Bergen og Tromsø innførte det høvesvis i år 2000 og 2011.

I byparlamentarismen vert lokalpolitikken organisert slik at eit bystyre vel eit byråd som skal ha den utøvande makta. Men Senterpartiet vil denne styringsforma til livs, og vil gå tilbake til formannskapsmodellen i både Bergen, Oslo og Tromsø.

– Bergen er ein litt for liten by. Ein blir for hengt opp i toblokkstenking og ein konkurranse mellom dei. I staden for at politikarane set seg saman og søkjer etter kva som er byens beste i ei kvar sak, seier førstekandidat Ove Sverre Bjørdal for Senterpartiet i Bergen.

Vil ha tilbake rådmannen

Han er partiets førstekandidat i vestlandsbyen og vil lokalt markera motstanden i bystyret etter valet. Partikollega og stortingspolitikar Per Olaf Lundteigen vil tvinga dei andre byane Oslo og Tromsø til å henta tilbake rådmannen.

– Det baserer seg i veldig stor grad på hemmeleghald og manglande openheit. Og heile demokratiet er tufta på openheit, ordskifte og debatt for å få fram standpunkt på eit tidleg tidspunkt, slik at folk kan bli opplyste, seier Lundteigen til NRK.

Ove Sverre Bjørdal, Kjersti Toppe og Per Olaf Lundeteigen

NEI TIL BYPARLAMENTARISME: Ove Sverre Bjørdal saman med Kjersti Toppe og Per Olaf Lundteigen. Senterpartiet har fremja forslag både lokalt og i Stortinget om å avvikla styringsformen i Tromsø, Oslo og Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Ein god styringsmodell

Både lokalt og nasjonalt er det berre dei mindre partia som vil byparlamentarismen til livs. Både Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet vil at politikarane skal halda fram med å leia administrasjonane i kommunane som i dag har parlamentarisme.

– Det er ein god styringsmodell. Ansvaret sit nærare politikarane. At det stadig kjem forslag om avvikle og gå tilbake til noko anna, sett oss tilbake reint politisk, seier gruppeleiar for Høgre i bystyret i Bergen, Dag Skansen.

– Fullstendig bak mål

Ap-medlem og professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot, har tidlegare uttalt seg i krasse ordlag om korleis både Bergen og Tromsø blir styrt. Etter bråket rundt bybanen i fjor vår, ville han sende bergenspolitikarane på kurs.

– Det er pinleg at dei rotar sånn med styringsformene. Eg vil anbefala byrådspolitikarane til å ha eit seminar om kva parlamentarisme er, sånn at dei lærer det ein gang for alle, sa Aarebrot til NRK den gangen.

I dag held han fast på at byparlamentarismen i Bergen har spelt fallitt.

– Det skuldast ikkje parlamentarismen som system, men det skuldast at den praktiseringa av parlamentarismen i Bergen har vore fullstendig bak mål.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo