Hopp til innhold

Fylkestinget ønskjer meir båt

Eit samla fylkesting ber no Skyss om å auka kapasiteten på båtavgangar mellom Knarvik og Bergen. Onsdag vart interpellasjonen frå Nils Marton Aadland frå Meland Høgre om å auke kapasiteten og frekvensen på snøggbåtruta handsama. – Dette vedtaket er svært gledeleg og er ein milepæl i arbeidet for å utvikle dette snøggbåtsambandet, seier Aadland.