Hopp til innhold

Full forvirring om u-båtheving

Heving av U-864 vart vedteke i Stortingen i dag. Men det spørs om det får stå.

u-864

Saka om u-båtheveing i Fedje tek nok ei vending.

Foto: Geoconsult/Kystverket

Det er full forvirring i Stortinget om hevinga av ubåten ved Fedje.

I dag vedtok Stortinget at ubåten skulle hevast neste sommar .

Forslaget kom frå oposisjonen, og vart vedteke med 49 mot 48 stemmer. Men sensasjonen av eit vedtak kan skuldast at regjeringspartia ikkje hadde nok representantar i salen under voteringa. Det kan gjere at saka må opp på nytt.

LES ÓG: Raser mot hevingsrapport | – Ubåten skal heves | Jens ga dem svar

Skeiv samansetning

Saksordførar for U-864, Arne Sortevik, seier til NRK Hordaland at samansetninga av Stortinget var skeiv, og at vedtaket mest truleg ikkje vil bli ståande.

Øyvind Halleraker, stortingsrepresentant for Høgre, meiner vedtaket er gyldig slik det vart vedteke.

Måndag ettermiddag sa Sortevik dette til NRK.

– Rett før eg gjekk inn i studio her klokka 16, fekk eg beskjed om at det ser ut til at det blir ei ny votering i morgon tidleg. Det som no skjer er at vi får ei ny utsetting, og meir usikkerheit, seier Sortevik.

Og forvirringa er stor, det seier ordførar i Fedje.

– Dette var det minste vi trengde. No anar vi ikkje kva som skjer, og det er ein svært ugrei situasjon, seier ordførar Kristin Handeland.