Atomkraftverket, som Greenpeace har omtalt som eit «flytande Tsjernobyl», er på veg frå St. Petersburg til Murmansk.
Etter protestar frå norske styresmakter har ikkje atomkraftverket med seg verken atombrensel eller kjemikaliar på ferda langs den norske kysten. Så langt har slepet gått som smurt.
Men miljøstiftinga Bellona er likevel alt anna enn imponert. I dag fekk dagleg leiar Nils Bøhmer sjå den 144 meter lange kolossen på tett hald for første gong.
– Det er eit skremmande syn. Vi veit den skal produsere store mengder radioaktivt avfall og skal plasserast i eit område der det vil vera vanskeleg å hindre ei eventuell atomulukke.
Fryktar katastrofe
Etter at atombrensel er lasta på i Murmansk, skal det flytande atomkraftverket slepast til byen Pevek på nordaustkysten av Sibir.
Kraftverket har to urandrivne reaktorar og kapasiteten skal vera nok til å forsyne 200.000 menneske med straum.
I Pevek skal kraftverket erstatta Bilibino atomkraftverk og Chaunskaya kullkraftverk og gi straum til både innbyggjarar og olje- og gassplattformer.
– I Arktis er det langt til hjelp viss katastrofen skjer. Konsekvensen av ei ulukke vil vera mykje større enn ved eit vanleg atomkraftverk, seier Bøhmer.
I strålande humør
Det er det statseigde russiske selskapet Rosatom som har bygd atomkraftverket. Divisjonsdirektør Vitaliy Trutnev ville meir enn gjerne vise det fram for norsk presse og hadde flydd inn til Bergen saman med ein tolk.
Trutnev forsikra ovanfor NRK at dei har respekt for synspunkta til kritikarane, men at han ikkje er særleg begeistra for utsegna om eit "flytande Tsjernobyl". Han seier tryggleik har høgste prioritet i Rosatom.
– Kraftverket er fullstendig til å stola på og er trygt for både folk og miljøet. Dei krevjande klimaforholda i området har vi tatt omsyn til i bygginga.
I det strålande vårvêret var Trutnev i strålande humør over å sjå at slepet av atomkraftverket går etter planen. Frå båten vinka han og gav tommel opp til dei russiske slepebåtane.
Kan bli fleire
Bøhmer i Bellona forsikrar dei skal følga det vidare slepet frå Murmansk med argusauge. Då er lekteren nemleg full av atombrensel.
Han fryktar også at russiske styresmakter no får vatn på mølla. Bøhmer hevdar russarane viser ein sterk vilje til å bli ein internasjonal leverandør av flytande atomkraftverk.
– Vi veit at Rosatom har planar om å utvikle ein ny og billegare versjon av dette kraftverket. Seinast i førre veke kom det meldingar om at Sudan er interessert i å kjøpa eit slikt kraftverk.
– Det er særleg problematisk om dei sel til land som ikkje har den naudsynte infrastrukturen til å handtere ei eventuell atomulukke på ein trygg nok måte.
Rosatom ville ikkje i dag avsløre om dei har planar om å bygge fleire.
– Vi må først forsikre oss om at denne teknologien er god nok, så får vi sjå, avsluttar Vitaliy Trutnev.