Hopp til innhold

Fryktar gauken kan forsvinne for godt

Medan gauken lever glade dagar i Afrika fram til 1. mai, kjem vertsfuglane stadig tidlegare til Noreg. Ornitologar fryktar no at vi skal miste gauken for godt.

Gjøk i flukt

KJEM FOR SEINT: Gauken kjem seinare til Norge enn vertsfuglane. Det gjer at ungane ikkje veks opp.

Foto: Trond Selven

– Gauken har problem og er på den nasjonale raudlista over truga dyreartar, seier fugleekspert i Norsk ornitologisk forening, Frode Falkenberg.

Gjøk

TRUET: I fjor kom gauken på raudlista over truga artar.

Foto: Kjartan Trana, NRK

I Storbritania har dei mista halvparten av gaukene sine dei siste 20 åra. Sidan 2011 har britane satelittmerka eit knippe gaukar for å finna ut av kvifor dei blir vekke.

Her i Norge fryktar ornitologar at årsaka er menneskeskapt.

I Dolmsundet har en liten heipiplerke „fostret“ opp en gjøk

I Dolmsundet har en liten heipiplerke fostra opp ein gauk.

Foto: Roar Sandvik

Verten kjem tidlegare

Gauken er ein ekspert i lura vertsfuglane, men no er gauken i ferd med å bli grundig lurt sjølv.

Heipiplerka er ein av dei viktigaste vertsartane til gauken. Den har framskuda vårtrekket sitt grunna eit varmare klima. Det har ikkje gjøken fått med seg.

Gauken kjem dermed på etterskot når den kjem frå Afrika til Norge rundt 1. mai. Det kan bli kritisk for bestanden på sikt.

Kikkert

KIKKERT: Det kan vere vanskeleg å kome inn på fuglane. Då er kikkert bra å ha.

Foto: Par Vidar Raunholm / NRK

– Heipiplerka kjem tidlegare no enn før. Om den har kome i gang med hekkeprosessen så er det øydelagt for gauken, fortel Falkenberg.

Gauken timer nemlig eggbyttet på dagen i forhold til korleis heipiplerka har lagt sine egg. Om han bommar på det, så klarer ikkje gaukungen å kaste ut dei andre ungene.

– Det er helt avgjerande for gauken at dette er synkront, seier Falkenberg

Kan bli utrydda

I fylgje Artsdatabanken, som fuglekikkarar landet rundt bidrar til, blei det i fjor registrert litt i underkant av 2600 gaukar.

Det er ei halvering av kva som har vore vanleg dei siste fem åra. Men gauken ser ikkje ut til å bry seg.

Frode Falkenberg, fuglekikking

KIKKAR: Frode Falkenberg er fugleekspert i Norsk Ordnitologisk forening. Her på fuglekikking på Herdla.

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK

– Nei tydeligvis ikkje. Dei mekanismane som styrer trekket for dei fuglane som overvintrar i Afrika har ikke slått inn på samme måte som de kortdistansetrekkerene, trur eksperten.

No står den i fare for å bli utrydda og blei i fjor ført opp på rødlista over trua dyreartar. Det betyr at den kan dø ut innan 100 år.

– Det hadde vært ulidelig trist. Eg frykter at det er vi mennesker som står bak, seier Falkenberg.