Frisørar er årets nynorskbrukarar

Dei to frisørkjedene Floke, frå Voss, og Balanzera er kåra til Årets nynorskbrukarar 2019, melder Ivar Aasen-tunet. Dei får prisen «for å nytte nynorsk i marknadsføring av frisørtenester i by og bygd på aust- og vestlandet,» seier styret i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si etter å ha vurdert 68 kandidatar.