Hopp til innhold

Framleis ingen spor etter Rebecca

Det er framleis ikkje spor etter 27 år gamle Rebecca Rist frå Bergen som forsvann 2. desember. Politiet etterforskar om det kan ha skjedd noko kriminelt med kvinna som tilhøyrer prostitusjons- og rusmiljøet i byen.

Onsdag vart Rebecca Rist etterlyst med namn og bilete av politiet. 

Rebecca Rist
Foto: Hordaland politdistrikt

Rist forsvann frå bustaden sin i Møllendalsveien i Bergen i ein kvit personbil like før midnatt laurdag 2. desember.

Les meir her.

Oppringt av ukjend mann

Ifølgje VG skal Rist fleire gonger ha vorte oppringd av ein ukjend mann før ho forsvann den første desemberlaurdagen. Det fortel ein av Rists beste vener til avisa.

Bergensavisen melder at politiet kan gå glipp av viktige spor i forsvinningssaka, fordi dei truleg ikkje får sjekke overvakingsbileta ved Autopass-passeringane i bomringen i Bergen.

Grunna personvernet kan ikkje Datatilsynet utlevere bilete når det har gått meir enn 72 timar. Det tok som kjend ei og halv veke frå Rist forsvann til ho vart meld sakna.

Politiet ønskjer tips

Politiet etterforskar no om Rist har vorte utsett for noko kriminelt.

Sjølv om etterlysinga gjekk ut i heile Medie-Noreg onsdag, har ikkje etterforskinga ført med seg noko nytt i løpet av natta.

Politiet ønskjer hjelp og tips frå dei som kan ha sett Rist etter 2. desember.

Den sakna er 165 cm høy, har mellomblondt glatt hår, er slank og snakkar bergensdialekt.

Ho var ikledd raud (mogeleg plommeraud) boblejakke/dunjakke med hette og dongeribukse. Ho bar med seg ei brun veske.