Hopp til innhold

Ingen visste at Selma var drektig

Ein liten selbaby overraska dei tilsette ved Akvariet i Bergen då dei kom på jobb i dag tidleg. – Me frykta at Selma kunne vera sjuk.

Selunge fødd i Akvariet i Bergen natt til 16. juli 2014.

SYMJETUR: På sin første levedag har selbabyen allereie vore mykje uti bassenget saman med mor si. FOTO: Jeanette Wie

I løpet av natta kom selbabyen til verda ved Akvariet i Bergen og dei tilsette fekk dermed svaret på kvifor selen Selma har hatt ei litt merkeleg åtferd i det siste.

Selbaby og selmamma

OVERRASKING: Då marknadsansvarleg Jeanette Wie ved Akvariet i Bergen kom på jobb i dag tidleg låg det plutseleg ein babysel ved sidan av selen Selma.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

– Under selshowet vårt har ikkje Selma vore så villig til å lystra i det siste. Ho har også vore stor, og ikkje ete noko særleg, så sist veke tilkalla me ein veterinær som undersøkte henne, seier marknadsansvarleg Jeanette Wie ved Akvariet i Bergen.

Då veterinæren undersøkte Selma gjennomførte han også ein ultralyd, men svaret på denne tek det tid å få, slik at dette svaret har ikkje kome ennå.

– Me har spekulert i om Selma kunne vera drektig og diskusjonen har gått, men heilt sikre har me ikkje vore, forklarer Wie.

Pappa-selen fødd ved sist sel-fødsel

Selbaby på Akvariet i Bergen

I NÆRLEIKEN: Babyselen har sumt mykje i dag, og mamma Selma har halde seg i nærleiken.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

– Fødselen må ha skjedd i natt og eg oppdaga selungen då eg kom på jobb i dag tidleg. Den låg på plattinga saman med mor si, seier Wie.

Det er ikkje ofte Akvariet i Bergen opplever sel-fødsel og sist ein sel blei fødd i akvariet var i 1990. 27. juni 1990 blei han-selen Hvitus fødd og det er han som i natt, 24 år gammal, blei far for første gong.

– Det går nokre år før selar blir kjønnsmodne, og etter at dei er blitt kjønnsmodne er det vanleg å få ein selunge i året, forklarer Jeanette Wie.

Ein sel går drektig i mellom ni og tolv månadar.

LES OGSÅ: Ny sel til Akvariet

Har allereie sumt mykje

Både mor og barn ser ut til å vera i fin form.

Besøkande på Akvariet ser på selbabyen

POPULÆR: Mange av dei besøkande på Akvariet ville sjå den nye selen. Dei tilsette ved Akvariet har sett på eit ekstra gjerde for å halda publikum litt på avstand.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

– Dei ser ut til å ha det fint begge to og selungen har vore uti bassenget og sumt mykje allereie, seier Jeanette Wie.

Mor til babyen heiter Selma og faren heiter Hvitus, men namnet på babyen er ikkje bestemt ennå.

– Me veit ikkje kjønnet på selungen endå, og når me finn ut av det vil det nok bli ein namnekonkurranse etter kvart, seier Wie.

For å gi den vesle selen litt ro dei første dagane har Akvariet i Bergen sett opp eit gjerde og sperra av det området som er nærast bassenget til selane.

Selunge fødd i akvariet i Bergen natt til 16. juli 2014.

SYMJETUR: Både mor og barn er friske og dei har sumt mykje i dag. FOTO: Jeanette Wie