Hopp til innhold

Formuesskatten til hotelleigaren har auka frå 17.000 til 477.000 på åtte år

VOSS (NRK): Skatt på bygningar gjer det vanskeleg for distriktshotell å overleve, meiner hotelleigar Jan Bruse Andersen. – Heilt klart eit problem, vedgår næringsministeren.

Direktør Jan Bruse Andersen ved Park Hotel Vossevangen

TUNGT: Direktør ved Park Hotel Vossevangen, Jan Bruse Andersen, meiner formuesskatten gjer det vanskeleg å drive distriktshotell.

Foto: Mats Arnesen / NRK

– Det skal godt gjerast å halde hovudet over vatnet no, seier direktør ved Park Hotel Vossevangen, Jan Bruse Andersen.

I snart 40 år har han drive hotell på Voss. No meiner han formuesskatten gjer det vanskeleg å drive hotell i distrikta.

– Det er tungt, spesielt når rammevilkåra blir endra så fort.

I 2008 betalte Andersen som hotelleigar litt over 17.000 kroner i formuesskatt. Åtte år seinare hadde beløpet auka til 477.000 kroner.

Årsaka er at berekningsgrunnlaget for formuesskatten, verdien på eigedomen, har auka kraftig.

Allereie i 2008 vart likningsverdien på fast eigedom auka av den raudgrøne regjeringa. Medan formuesskatten har blitt lågare under den Høgre-styrte regjeringa, har verdsettinga av næringseigedom auka.

Bransjesjef i NHO Wenche Salthella

FOR DÅRLEG: NHO meiner regjeringa gjer for lite for å lette situasjonen for hotell i distrikta.

Foto: Mats Arnesen / NRK

Rammar distriktshotell

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) er uroa over den økonomiske situasjonen for mange av hotella i distriktet. Eitt av tre hotell går med underskot i ein eller fleire av månadene i året, ifølgje NHO.

Auka i formuesskatten rammar særleg hotell med stor bygningsmasse, seier bransjesjef i NHO, Wenche Salthella.

Bygga er verdifulle, men for å betale skatten må eigarane hente ut pengar frå hotellverksemda.

– Sjølv om styresmaktene har sett ned satsen litt, har grunnlaget for berekningane av skatten auka såpass mykje meir at det har blitt ei stor belastning for bedriftene, seier Salthella.

Hotell som er eigd av utanlandske eigarar slepp unna formuesskatten.

Regjeringa gjer ein for dårleg jobb med å legge til rette for at hotell som står utanfor dei store kjedene skal lukkast, meiner NHO.

Erna Solbergs andre regjering med nye statsråder.

VIL HJELPE: Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen seier regjeringa vil gje meir skatterabatt til hotell og overnattingsstader.

Foto: Lise Åserud / NPK

Samd med hotella

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen gir hotelleigaren på Voss rett i at nivået på formuesskatten er eit problem for distriktshotell.

– Bygg og eigedom har fått auka formuesskatt, og det er fordi vi overordna sett ikkje ynskjer så store investeringar i bygg. Men hotella har heilt rett, vi er samd med dei i at dette er eit problem.

Når næringseigedom blir verdsett høgare enn tidlegare i grunnlaget for formuesskatten, slår det dårleg ut for ein del hotell og overnattingsstader, vedgår Isaksen.

Regjeringa har difor varsla at dei vil auke rabatten for eigarar av hotell og andre overnattingsstader.

– Men vi er nøydd til å sikre at det er innanfor EØS-regelverket, seier næringsministeren.

– Må få fortgang

Arbeidet med å betre situasjonen for hotell i distrikta går for tregt, meiner NHO, sjølv om dei er nøgd med at regjeringa vil gje meir rabatt til hotell og overnattingsstader.

– Dei må få fortgang i desse lovnadene sine, og vi må sjå litt meir resultat, seier bransjesjef Wenche Salthella.

For hotelleigar Jan Bruse Andersen ville ein rabatt vere kjærkomen. Han vil heller investere pengane i utvikling av hotellet eller nye prosjekt.

– Men vi har klart oss i nesten 40 år, så vi skal nok klare dette også.