Hopp til innhold

Må flytte etter anklagar om overgrep

Foreldra som i haust vart skulda for overgrep mot deira 1 år gamle dotter, føler seg tvungne til å flytte frå kommunen dei bur i. Forsvarar rasar mot politiet.

I fjor haust vart eit foreldrepar frå Nordhordland sikta for overgrep mot deira 1 år gamle dotter. I går vart det kjent at politiet no vil leggje vekk saka.

Årsaka til skuldingane var skader i underlivet på jenta. Rapporten frå dei medisinsk sakkunnige frifinn foreldreparet. Ifølge legane skuldast skadane på jenta ein sjukdom.

– Det er to spesialistar som har skrive rapporten, og dei konkluderer med at det ikkje er haldepunkt for at det er gjort noko straffbart, seier advokat Henrik Birkeland, som forsvarar mora.

Dei to er likevel formelt sikta fram til Statsadvokaten godkjenner henlegginga frå politiet.

Har bestemt seg for å flytte

Advokaten seier foreldreparet har levd i eit mareritt i fleire månadar.

– Dottera deira har vore i barnevernet si omsorg sida saka starta, og er det framleis. I tillegg har rykteflaumen i nærmiljøet blitt så stor, at dei har bestemt seg for å flytte. Dette må sjåast i samanheng med korleis påtalemakta har opptredd, seier Birkeland til NRK, tydeleg opprørt.

Heilt frå starten har forsvararen vore kritisk til politiet sin handtering av saka. Etter at mora vart sleppt fri av politiet, bad ho om å få presentert grunnlaget for siktinga. Ifølgje Birkeland fekk dei ikkje dokumentinnsyn slik dei har krav på.

– I tillegg troppa uniformert politiet opp i barnehagen og arresterte foreldra framføre andre. Deretter går politiet ut i media og seier skadane er forenlege med overgrep. Rapporten syner at det har ingen rot i verkelegheita.

– Her har politiet gått ut i «200», og kome heilt feil ut av hoppkanten, seier Birkeland og omtalar saka som «grotesk».

Vurderer å gå til Spesialeininga

Saka byrja i september i fjor haust, då den no 15 månadar gamle jenta vart levert i barnehagen. Tilsette der kontakta barnevernet, som igjen varsla politiet om skadane på jenta. Begge foreldra vart sikta for seksuelt overgrep, og faren sat tre veker i varetekt før han vart sett fri.

Alt tyder på at saka no blir lagt vekk av politiet innan kort tid. Advokat Birkeland varslar krav om erstatning frå politiet og han vurderer også å ta saka til Spesialeininga for politisaker.

– Eg er trygg på at vi har gjort den jobben vi skal gjere. Vi var nøydde til handle på bakgrunn av opplysningane vi fekk i starten av saka, seier politiadvokat Janne Heltne til NRK.

Ellen Eikeseth Mjøs er bistandsadvokat for jenta.

– Det er tryggande at saka er etterforska, og det er tryggande at det er avdekka at jenta ikkje er utsett for overgrep, seier ho til NRK.