Det var i oktober at eit foreldrepar i Nordhordland vart sikta for seksuelt overgrep mot deira då eitt år gamle dotter. No er rapporten frå dei sakkunnige klar.
Skadane som jenta hadde skuldast ifølgje dei eit spesielt sjukdomstilfelle. Dermed legg politiet truleg vekk saka mot foreldreparet, skriv avisa Nordhordland.
Til NRK seier mora sin forsvarar at ho er svært letta over rapporten.
– Ho er sjølvsagt letta over at rapporten er frifinnande. Foreldra har levd i eit mareritt i fleire månadar, seier Henrik Birkeland, advokat hjå firmaet Alvheim & Hansen, til NRK
Statsadvokaten avgjer
Førebels er foreldreparet framleis formelt sikta i saka. Når rapporten er endeleg vil politiet skriva si innstilling som blir levert vidare til Statsadvokaten. Det er dei som avgjer om saka blir lagt vekk eller ikkje.
– Rapporten skal også godkjennast av Den rettsmedisinske kommisjonen. Fleire kommentarar i saka har eg ikkje før rapportane er klare, seier politiadvokat Janne Heltne til NRK.
Det var tilsette ved barnehagen til jenta som varsla barnevernet i oktober. Politiet vart så kontakta, og foreldra vart arrestert av uniformert politi i barnehagen.
Faren vart varetektsfengsla, medan mora slapp fri etter fleire avhøyr med politiet. Etter tre veker i varetekt vart også barnefaren sleppt fri.
– Har orda i behald
Paret har heile tida stilt seg uforståande til siktinga og nekta straffskuld. Det oppstod også ein rykteflaum på den vesle plassen familien kjem frå. Forsvarar Birkeland seier det har vore ei stor belastning for begge.
– Dottera deira har vore i barnevernet si omsorg sidan saka starta, og er det framleis.
Advokat Jan Bakke forsvarar faren, og seier til avisa Nordhordland at han ikkje vil kommentera saka før endeleg avgjerd frå Statsadvokaten ligg føre.
– Men min klient har aldri erkjent noko straffskuld. Når ein ser på saka no, så har han sine ord i behald, seier Bakke til avisa.