NRK Meny
Normal

For fire år sidan small det - i dag skjedde det igjen

Folk i huset bråvakna når bilen køyrde inn i veggen. På julaften for fire år sidan skjedde nøyaktig det same.

Montasje

UHELDIG: Heile to gongar har to bilar dundra inn i veggen på dette huset på Søreide i Bergen.

Foto: NRK

– Sonen min har rom akkurat der bilen trefte, så eg er glad han ikkje var heime, seier mannen som bur i huset.

Han vakna av eit stort brak rundt klokka 06.30 i dag. Det viste seg at ein bil hadde dundra inn i husveggen.

– Eg lurte på om det var ein eksplosjon, fordi det høyrdest ikkje ut som torevêr.

Politiet rykka ut, og ein mistenkte først at noko hadde køyrd bilen og stukke av frå staden. Men det viste seg snart at det hadde ei anna forklaring.

– I løpet av natta har handbrekken svikta, og bilen trilla 100 meter ned vegen og inn i huset her, seier politiførstebetent Runar Saue.

Gjerdet er øydelagt og noko takstein er knust. Vegen vart stengt i ein time, før bilen vart taua vekk.

BIL

2015: Måndag morgon svikta handbrekken på ein personbil, og trilla inn i eit hus på Søreide.

Foto: MARTHE NJÅSTAD / NRK

Andre gong på få år

Dei som bur i huset i Knappenvegen på Søreidgrend i Bergen har hatt litt uflaks med køyretøya som passerer huset.

Oppanfor huset går det ein bratt bakke – og her er det no to bilar som har smelt inn i taket på huset.

I 2011 var det ein søppelbil som smalt inn i huset, på grunn av glatte vegar.

Bil inn husveggen

2011: På julafta i 2011 mista føraren av ein søppelbil kontroll på bilen og small inn i veggen på det same huset i Knappenveien på Søreide.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik