Hopp til innhold

Bygdefolket droppar bussen - meiner tilbodet er for dårleg

Stadig fleire nyttar kollektivtilbodet i Hordaland, men berre i Bergen. På bygdene er det langt færre som set seg på bussen.

Busskur

NULLVEKST: Fleire nyttar kollektivtilbodet i Hordaland. Men veksten skjer berre i Bergensområdet.

Foto: Roald Levi Halsør

Rune Haugsdal, fylkesrådmann

- Vi satsar på stamlinjenettet vårt, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

– Delar av fylket har store avstandar som gjer det meir krevjande å flytte seg. Det å ha eit kollektivtilbod som heile tida tilfredsstiller behovet som ligg der er krevjande, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.

Talet på passasjerar som set seg på bussar og bybane i Hordaland har auka med 6,1 % frå 2011–2012. Men auken er størst i Bergensområdet.

I resten av Hordaland er det nullvekst.

– Det er noko meir bruk av privatbil i dei ytre områda av kommunane våre, det har eg forståing for. Det er ikkje ei unaturleg utvikling.

Satsar der behovet er størst

Haugsdal forklarar at fylkeskommunen har satsa stort på dei sokalla "stamlinjene" i kollektivnettet. Dei nyttar statistikken for å sjå kor dei kan opprette fleire ruter og der det er naudsynt å leggje ned ruter.

– Skyss sit med god statistikk over reisande på dei ulike rutene. Det vi gjer er å forsøke å møte det behovet som er i dei ulike områda. Slik at vi forsterkar der behovet er aukande, og vi gjer tilpassingar der vi ser at etterspurnaden etter kollektivtilbodet er mindre.

– Vil det sei at dykk til ein viss grad sentraliserer rutetilbodet?

– Eg veit ikkje om eg ville nytta ordet sentralisering. Men vi satsar sterkare på stamlinjenettet vårt. Der behovet er mindre er det naturleg at vi gjer tilpassingar i forhold til det, svarar Haugsdal.

Utviklinga i kollektivpassasjerar

Påstigingar for buss og Bybanen

2010

2011

2012

Endring i % 2011 - 2012

Buss

24 175

25 197

26 793

6,3 %

Bybanen

2 896

7 060

7 994

13,2 %

Bergen

27 071

32 257

 34 787

 7,8 %

Fjell, Askøy og Voss (Vestpakken)

5 250

6 225

6 403

2,8 %

Bergensområdet

32 321

38 482

41 190

7,0 %

Hordaland utanom Bergensområdet

 7 276

6 027

6 030

0,0 %

Heile Hordaland

39 597

44 509

47 221

6,1 %

Kjelde: Kollektivmeldinga 2012. Alle tal er i tusen.

– Betre informasjon

Mona Hellesnes

Fylkesvaraordførar Mona Hellesnes (V) meiner fleire kunne ha nytta kollektivtilbodet i distrikta. - Men vi kan bli betre på informasjon.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Der det i Hordaland (utanom Bergensområdet) var 7 276 000 påstigingar i 2010, har talet gått ned til 6 030 000 påstigingar i 2012. Fylkesordførar Mona Hellesnes (Venstre) meiner dei må bli betre på å informere om at kollektivilbodet faktisk finst.

– Me vil gjerne at fleire i dei andre regionane i fylket skal nytte kollektivtilbodet. Vi har mange plassar eit godt tilbod men vi har ikkje vore flinke til å fortelje om det. Vi har ein jobb å gjera på det området.

– Kvifor har ein har lagt ned ruter med få reisande for å oppretta nye der det er fleire passasjerar?

– Vi må ha eit tilbod som er tilpassa dei som ønskjer å reisa kollektivt når dei har behov for det tilbodet. Då vil rutejusteringane bli lagt opp deretter, anten det er i bergensområdet eller i dei andre regionane.

Meiner fleire kunne latt bilen stå

Hellesnes meiner det er fleire som kunne tatt i bruk kollektivtilbodet, også i distrikta.

– Men vi kan bli betre på informasjon, vi kan ikkje sei oss nøgd med slik det er no. Me må gjera ein jobb for å få opp kollektivandelen utanfor Bergen, vedgår den tidlegare ordføraren i Ulvik herad, før ho syner til eit eksempel frå Hardanger.

– Det går faktisk fint an å reise med buss frå Hardangerfjorden si sørside, og til Bergen, på to og ein halv time etter at Hardangerbrua var ferdig. Med nye vegar så er det komme fleire tilbod. Så det er ikkje berre bilane som kjem raskare fram, seier Hellesnes.