Følg Odd - Brann direkte

Fredrik Haugen scora to gonger og hjelpte Brann til 3-1-siger over Odd i eliteserien i kveld.

Brann - Odd
Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Søndag klokka 18.00 tar Odd i mot Brann til eliteseriekamp på Skagerak Arena.

Følg kampen i direktesenteret over eller i 4-4-2 Radiosporten si sending på P1.

Brann er no på femteplass på tabellen med 30 poeng, men med siger mot Odd kan dei dytta Strømsgodset ned frå bronseplassen.

Lars Arne Nilsen gjer ingen endringar frå laget som starta mot Ålesund førre helg. Dermed startar både Erik Huseklepp og Brann sin toppscorar Azar Karadas på benken.

Sist Brann møtte Odd denne sesongen var heime i 2. serierunde. Kampen enda 0-0, og er det einaste poengtapet raudtrøyene har hatt på eige gras så langt i år.

Laga startar slik:

Brann (4-3-3): Piotr Leciejewski–Amin Nouri, Vadim Demidov, Bismar Acosta, Ruben Kristiansen–Fredrik Haugen, Sivert Heltne Nilsen, Kristoffer Barmen–Daniel Braaten, Jakob Orlov, Deyver Vega.

Odd (4-3-3): 1 Sondre Løvseth Rossbach - Espen Ruud, Fredrik Semb Berge, Joakim Våge Nilsen, Jone Samuelsen, Fredrik Oldrup Jensen, Steffen Hagen, Oliver Berg, Ole Jørgen Halvorsen, Olivier Occean, Riku Riski.

Laster innhold, vennligst vent..