Hopp til innhold

Fleire ulykker i fylket

Snøen har dala ned i Hordaland, og det er glatte vegar. Det har vore fleire ulykker på vegane.

Trafikkuhell Sveio

SVEIO: Ingen personar vart alvorleg skadde då denne bilen køyrde av vegen ved Fjellstad i Sveio.

Foto: Thomas Halleland

Ved Fjellstad i Sveio køyrde ein bil av vegen like etter klokka 13.50.

– Ulykka vart meldt via AMK, og det var eit einsleg køyretøy som hadde køyrt av vegen og inn i ein fjellvegg, seier operasjonsleiar Norunn Byrknes i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

– Det var fire personar i bilen, og alle vart sendt Haugesund sjukehus. Ulykka skjedde i ei 80-sone, så me ville sende dei til sjekk, seier ho.

Ingen personar skal ha blitt alvorleg skadd i ulykka, og det er ikkje mistanke om høg fart, promille, eller dårlege dekk.

Det blir ikkje oppretta sak.

Ulykker på Stord

På Rommetveit på Stord vart tre vaksne og to barn køyrt til legevakt for sjekk etter at tre bilar var involvert i ei ulykke like etter klokka 13.15.

– Tre bilar køyrde i kvarandre på E39 ved Agdestein, og fem personar vart sendt til legevakt for sjekk. Vegen var stengt, men er no open i begge køyrefelt, seier Byrknes.

To bilar kolliderte også front mot front på Valvatne på Stord fredag ettermiddag klokka 14.33. Det var låg fart på dei to bilane, og alle naudetatane var på staden.

– Den eine bilen hamna ut av vegen. Det var to personar i ein bil, og fem i den andre. To personar vart køyrt til sjukehus med ambulanse, og ein person til vart også sendt til sjekk, seier Byrknes.

Front mot front

Like etter klokka 13.00 fekk politiet melding om at to bilar hadde kollidert front mot front på E16 på Bolstad i Voss kommune.

– To bilar kolliderte og ein bil hamna på taket like etter Bolstadtunnelen når ein kjem frå Bergen, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Hordaland politidistrikt til NRK.

– Det var ein person i kvar bil, og det vart ikkje meldt om personskadar, seier han.

Det var redusert framkomst i trafikken grunna ulykka.