Hopp til innhold

Gjeldsproblem til himmels - ekspertar fryktar krisetid

Namsfogdene i Oslo og Bergen melder om kraftig auke i saker som gjelder ubetalte regninger og kredittkortgjeld.

PENGER PENGER

Oljekrise er noko av grunnen til at fleire får gjeldsproblem i Norge.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Ekspertar fryktar no at omfanget av nordmenns gjeldsproblem vil bli dramatisk i 2016.

Ragnhild Solheim er økonomirådgjevar i Bergen kommune. Hjå NAV hjelper ho folk som har mista kontroll med økonomien sin.

– Her kjem folk som har møtt veggen når det gjeld å betala rekningane sine. Me opplever at stadig fleire tar kontakt.

Talet på folk med betalingsproblem blir stadig større.

– Me har passert 20 prosent auke samanlikna med 2014, seier Namsfogden i Bergen, Lillian Borge Bergsaas.

– Folk frå alle samfunnslag

Både i Oslo og i Bergen merkar namsfogdene fleire saker. Den største auken er tilfelle av ubetalte rekningar og kredittkortgjeld.

– Det er folk frå alle samfunnslag, både dei som har reelle problem med å komma i mål kvar månad, og dei som tener så pass bra at me lurar på kvifor dei ikkje betalar rekningane sine før dei kjem til oss.

Lillian Borge Bersaas

VANSKELEG: Namsfogden i Bergen, Lillian Borge Bersaas, fryktar at omfanget av gjeldsproblem vil auke i tida framover. I fjor behandla dei over 16 000 saker i Bergen. 20 prosent fleire enn i 2014.

Foto: SIRI LØKEN / NRK

I Oslo er situasjonen lik.

– Siste året hadde me ein auke på noko over 3000 her i Oslo. Det dramatiske er eigentleg den utviklinga me har sett sidan finanskriseåret 2009. Då hadde me 23 000 saker og i fjor så passerte me 43 000 saker, seier Alexander Dey.

Situasjonen kan bli verre

Namsfogdene fryktar økonomiske nedgangstider og stigande arbeidsløyse vil gjera statistikken endå styggare dette året.

– Me synest det er granske dramatisk. Dette er ein periode det har vore relativt gode tider, men likevel ser me at kredittkortrenter på 17 til 30 prosent renter ikkje er tilstrekkeleg avskrekkande. Folk rotar seg bort i dette.

Også Gjeldsofferalliansen opplever å få fleire hendvendelsar enn før. Særleg har dei stor pågang frå spesielt vestlendingar som er råka av oljekrisa.

– Dette er sannsynlegvis byrjinga på ein ny kriserunde. Når menneske bli arbeidsledige så tyr dei til lettvinte løysingar. Som til dømes å betala huslånet med kredittkort, seier Bengt Skjeldt i Gjeldsofferalliansen.

Åtvarar mot kredittkort

Økonomirådgjevarane i Bergen prøvar å hjelpa folk til å rydda opp i økonomien.

Kjem saka til namsfogden risikerer dei blant anna tvangstrekk frå lønn, eller at dei kan ta pant i eigendelar.

Solheim råder folk til ikkje å bruke pengar som ein ikkje har.

– Me levar i eit samfunn der det er lagt opp til forbukerkreditt. Tenk deg godt om før du skriv under ein avtale om eit kredittkort..

– Spar før du kjøpar noko.

Ragnhild Solheim

Økonomisk rådgjevar i Bergen kommune, Ragnhild Solheim, prøver å hjelpa folk til å få oversikt over eigen økonomi.

Foto: SIRI LØKEN / NRK