Gut (4) kritisk skadd etter ulukke i barnehage

Fireåring innlagd på Haukeland universitetssjukehus etter ulukke i barnehage på Sotra.

Ulukke i Gardstunet barnehage på Sotra

ULUKKE: Fireåringen skal ha fått noko over seg i Gardstunet barnehage på Sotra.

Foto: Ingvild Nave / NRK

Helse Bergen melder at den fire år gamle guten har fått kritiske skader i ulukka.

Politiet fortel til NRK at guten er på sjukehuset saman med sine pårørande.

– Det har skjedd inne i barnehagen. Guten har fått eit bord over seg, og har blitt slått medvitslaus, seier politioverbetjent Per Algrøy ved lensmannskontoret på Straume.

Barnehagetilsett såg ulukka

Naudetatane fekk melding om ulukka i dag tidleg. Ulukka har skjedd i Gardstunet Barnehage i Fjell kommune på Sotra

Arbeidstilsynet er også rutinemessig varsla.

Ein politipatrulje har vore i barnehagen i heile føremiddag for å gjera undersøkingar.

– Vi er på staden og følgjer opp dei tilsette der, seier operasjonsleiar Terje Magnussen, som legg til at dei trur det er snakk om eit uhell og ikkje ei arbeidsulukke.

– Ein barnehagetilsett var i rommet og såg kva som skjedde, fortel Algrøy, som har ansvaret for etterforskinga av saka.

Privat barnehage

Dagleg leiar Heidi Vatne seier til NRK at dei har varsla alle som skal varslast.

– Vi jobbar no med å ta vare på barna i barnehagen, samstundes som vi følgjer dei rutinane vi skal følgja når slikt skjer, seier Vatne, som ikkje ynskjer å kommentere saka nærare.

Gardstunet barnehage er ein friluftsbarnehage, og har 16 tilsette på fire avdelingar. Totalt 65 barn går i barnehagen, ifølge barnehagen sine eigne nettsider.

Kommunen tilbyr hjelp

Fjell kommune følgjer opp barnehagen, og har tilbydd å leiga ut to krisepsykologar til den private barnehagen, får NRK opplyst.

– Dei er klare til å reisa ut til barnehagen. all oppfølging seinare vil vi hjelpe til med, om barnehagen har behov for det, seier ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Laster kart, vennligst vent...

Ulukka har skjedd i den private barnehagen Gardstunet Barnehage i Fjell kommune på Sotra.