Hopp til innhold

Fire veker varetekt for den tredje sikta (39) etter Wergeland-drapet

Politiet krev fire veker i varetekt for 39-åringen som onsdag melde seg etter drapet på Wergeland i Bergen.

Mistenkjeleg dødsfall på Wergeland

VILLASTRØK: Ein litauisk mann vart funnen død i ein hage på Wergeland i Bergen torsdag 7. november.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Politiadvokat Asbjørn Onarheim

AKTOR: Politiadvokat Asbjørn Onarheim.

Foto: André Marton Pedersen / NRK
Steinar Moritz Andersen

FORSVARAR: Steinar Moritz Andersen.

Foto: André Marton Pedersen / NRK

Den latviske mannen vart torsdag ettermiddag framstilt for varetektsfengsling i Bergen tingrett.

Han møtte sjølve opp på politihuset i Bergen sentrum, etter å ha vore etterlyst av politiet.

– Det er det samla bevismaterialet som er henta inn som er årsaka til at me kravde fire veker, seier aktor politiadvokat Asbjørn Onarheim.

39-åringen har ikkje erkjent straffskuld i saka.

LES OGSÅ:

Funnen død i hage

Det var torsdag i førre veke at forbipasserande oppdaga ein død mann i ein hage på Wergeland i Bergen. Den døde vart seinare identifisert som ein latvisk mann med tilknyting til adressa.

Politiet slo drapsalarm og arresterte etter kort tid to austeuropeiske menn på 41 og 44 år. Dei to vart laurdag varetektsfengsla for fire veker, to av dei med full isolasjon.

Stukken med saks

41-åringen som er frå Estland, vert av politiet rekna for å vere hovudmannen i saka. Ifølge forsvararen vedgår 41-åringen dei faktiske forholda, men seier han handla i naudverje.

Kjelder Bergens Tidende har snakka med, opplyser at den døde skal ha vorte stukken med saks.

Gisle Didriksen er nemnd opp som forsvarar for 39-åringen, som melde seg sjølv til politiet.

– Han har ikkje erkjent straffskuld og har ikkje samtykka til fengsling, seier Steinar Moritz Andersen som representerte sikta i fengslingsmøtet torsdag. Han er svært sparsam med opplysningane torsdag.