NRK Meny
Normal

Fire personar sikta for ran på Voss

Fire personar er sikta for ranet på YX-stasjonen på Voss i dag tidleg.

Bensinstasjon ranet på Voss

VÆPNA RAN: Ved 04-tida natt til fredag truga fire personar til seg pengar frå YX-stasjonen i Strandavegen i Voss sentrum. Dei var væpna med pistol og kniv.

Foto: Arne Hofseth

Dei sikta skal vera fire unge menn, som alle er busett på Voss.

– Me hadde to vitne inne til avhøyr tidlegare i dag. Desse har no fått endra status til sikta. I tillegg har me sikta ytterlegare to personar som me trur er innblanda, seier politiførstebetjent ved Voss lensmannskontor Jostein Skeie.

Det var ved 04-tida fredag morgon at fire maskerte personar kom inn på YX-stasjonen i Voss sentrum.

– Fire personar kom inn på bensinstasjonen, alle var iført finlandshetter. Tre av dei viste fram kniv, medan den fjerde hadde ein sølvfarga revolverliknande gjenstand, seier operasjonsleiar Morten Kronen ved Hordaland politidistrikt til NRK.

Etterforskinga gjennom dagen har vist at mistanken er styrka mot dei sikta i saka, fortel Skeie.

– Me kjem til å halda fram utover kvelden med taktisk og teknisk etterforsking.

Siste video

Husbrann på Askøy natt til tirsdag 23. januar.
Programleiar: Mariann Reikerås
Programleiar: Mariann Reikerås