Fire involverte i ulukke på fv. 7

Ein person klagar over smerter i ryggen etter ein front mot front-kollisjon på fylkesveg 7 aust for Tysse i Samnanger. Det var fire personar i dei to bilane. Ulukka fører til store problem for trafikken, fortel operasjonsleiar i politiet Per Algrøy.