Hopp til innhold

Ferjeentusiasme vart til ferjebok

Ferjer og dampbåtar er den store interessa til Harald Sætre. No har ferjeentusiasmen blitt til boka «Fram og tilbake over fjorden».

Harald Sætre

FERJEENTUSIAST: Harald Sætre har fått ferjekulturen inn frå han var barn, og no har ferjeentusiasmen ført til bokutgiving. Biletet av ferja er frå Hatvik i 1977, og fartøyet MF Folgefonn er den første spesialbygde bilferja til HSD.

Foto: Harald Sætre / Torill Befring Sætre

MF Halsnøy

GAMLE FOTO: Den første bilferja over Bjørnefjorden, MF Halsnøy, gjekk frå Osøyro i 1957 før det vart bygd ferjekai på Halhjem i 1963. Biletet er tatt av Harald Sætre 1968 eller 1969 på Osøyro.

Foto: Harald Sætre

– Eg har alltid hatt ei interesse for fjordbåtane, og ferjene inkludert. Folk i familien jobba om bord på ferjer, så eg fekk nok også interessa den vegen, seier Harald Sætre.

– Eg vaks opp med desse båtane inne i Hardanger og Uskedalen og reiste mykje med dei, legg han til.

Han er ferjeentusiast, og slikt blir det bøker av. «Fram og tilbake over fjorden» handlar om HSD, Hardanger Sunnhordalandske Dampskipsselskap, om ferjer, ferjekaiar og ferjeruter.

– HSD var det dominerande ruterederiet, ikkje berre i Hordaland, men i heile landet. Det vart jo stifta i 1880, og dei hadde all rutetrafikk i Hardanger, Sunnhordaland, og Hordaland, iallfall sør for Bergen, seier han.

– Samla av eige interesse

MF "Strandebarm" ved Løfallstrand (1977)

FOTOGRAFERER: Harald Sætre fotograferer ferjer, og det har han gjort i lang til. Her er MF Strandebarm ved Løfallstran i 1977.

Foto: Harald Sætre

Harald Sætre jobba tidlegare i DNB, og er no pensjonist. Han har også skrive boka «Damp, diesel og pågangsmot», og den siste boka om HSD har han jobba med jamt i eit års tid, det medan innsamling av bakgrunnsstoffet har pågått i lang tid.

– Til å byrje med hadde eg det ikkje i tankane at eg skulle skrive bok, då samla eg mest av eiga interesse, seier entusiasten.

Han samla avisutklipp sjølv, las i gamle bygdebøker, og han fekk også tak i årsmeldingane til HSD frå midten av 1940 og framover.

– Der stod det veldig mykje opplysningar, og så fekk eg fatt i internbladet til HSD, som dei gav ut til tilsette, frå tidleg 1950-talet. Der var det veldig mykje godt stoff, seier han.

Sætre har også fått inn mange flotte fotografi i boka. I tillegg til å ha tatt mange sjølv har han fått mange frå folk han visste hadde bilete.

– Med internett, Facebook, og alt dette, så er det lett å gå ut og etterlyse bilete og det dukka opp litt av kvart når folk byrja å grave litt i gamle familiealbum, seier han.

(Saka held fram under biletet)

MS Ravik i Jondal

GOD TID: For femti år sidan slo gjerne mannskap av ein prat med ekspeditøren i Jondal før MS Ravik sette kursen over til Tørvikbygd.

Foto: Sigmund brommeland, utlånt av Jondal kommune

Fokus på HSD

Ferjekaien på Hatvik

ENKLE FORHOLD: Her er ferjekaien på Hatvik slik den opphavleg såg ut, på 1950-talet. Bussjåføren må halda tunga beint i munnen for å køyre om bor på MF Fusa.

Foto: Ukjent, frå Viggo Nonås si samling

Forfattar Sætre har også vore hovudforfattar av boka «Eit skip heitte Stord», men denne gongen er det altså HSD som får historia si på trykk.

Han meiner ferjene er ein viktig del av kulturhistoria og samferdselshistoria på Vestlandet, og båttrafikken påverka vegutviklinga.

– Før du fekk dampbåtane hadde du to vegar frå ein gard, «sjoavegen» som gjekk ned til sjøen, og «stølsvegen» som gjekk opp til stølen, seier Sætre.

– Då dampbåtane kom hadde dei behov for å bygge vegar langs fjordane, og så utvikla ferjene seg etter det, seier han.

Følgjer med

MF "Skånevik", som er vernet av Riksantikvaren (2005)

FAVORITT: Harald Sætre seier MF Skånevik er favorittferja.

Foto: Harald Sætre

I tillegg til å vera ferjeentusiast og skrive bok, følgjer Sætre nøye med på debatten rundt ferjene, og han meiner anbudsjaget har gått litt for langt.

– Fylkeskommunane og staten pressar prisane for mykje slik at det er lite pengar til vedlikehald som igjen fører til mykje driftsavbrot og slike ting, seier han.

– Eg meiner det burde kosta litt meir å reise med ferja slik at ein kunne få opp standarden på ferjene, legg han til.

– Men, kva er den absolutte favorittferja di, viss du kan velje ei?

– Det er Skånevik, den som har blitt freda no. Det er ei typisk fjordferje som HSD sjølv teikna og fekk konstruert. Det var før staten blanda seg for mykje i korleis ei ferje skulle sjå ut, seier Sætre.

Sjå nokre av bileta Harald Sætre tidlegare har levert til NRK:

SJÅ REPORTASJE OM HARALD SÆTRE FRÅ 2012:

Dersom du har tatt båt eller ferge på Vestlandet de siste 20 årene, er det godt mulig at Harald Sætre har fanget deg på film.

SJÅ VIDEO: Harald Sætre har ferjedilla, og i 2012 laga NRK eit portrett på ferjeentusiasten.