18-åringen har og fått besøksforbod dei fyrste 14 dagane.
18-åringen var tidligare kjæreste med jenta som bodde i huset der knivstikkinga skjedde. Han kjente imidlertid ikkje 14-åringen han stakk ned.
Tilstanden til 14-åringen er alvorleg, men stabil.
Førebels blir 18-åringen sikta for lekamsskading med kniv. Det seier politiadvokat Berit Salbu.
Pågripen hjå kameraten
Politiet pågreip den sikta hjå ein kamerat i Meland i går kveld.
Då hadde dei jakta på han sidan knivdramaet på Slåtthaug på Nesttun i Bergen i 13-tida.
Kjenning av politiet
Den sikta er ein kjenning av politiet, og har fleire saker knytta til vald, narkotika og skadeverk bak seg.
I dag skriv BT at sjalusi kan vera motiv bak knivdramaet, men politiet ønskjer ikkje å kommentera motivet enno.
- Me kan ikkje gå ut med slike detaljar enno. Dei innblanda må bli avhøyrte først. Det me kan stadfesta er at kniven me trur blei brukt er funnen etter informasjon gitt av den sikta, seier lensmann Norvald Visnes i Fana.
Politiet vil ikkje kommentera meir om kor dei fann kniven eller kva kniv det er snakk om.
Ytterlegare etterforskning
Forsvarar Jostein Alvheim vil ikkje komentera saka enno fordi han ikkje har fått høve til å snakka med klienten sin.
Politiadvokaten seier siktinga mot mannen er førebels, og at den medisinske tilstanden til den skadde 14-åringen vil vera avgjerande.
- Ytterlegare etterforskning vil óg vera med på å avgjera om siktinga vil bli endra, fortel Berit Salbu