Hopp til innhold

Fekk fylkeskommunen sin miljøpris

Hordaland fylkeskommune, som tidlegare onsdag sjølv mottok ein miljøpris, gir sin miljøpris for 2017 til Mette Nygård Havre og Kristine Ullaland. Juryen trekk fram at dei kombinerer idealistiske verdiar, miljøengasjement og innovativt entreprenørskap. – Juryen har gitt Miljøprisen til to personar som verkeleg har fått oss til å tenkje annleis om datostempling av mat og korleis bedrifter kan redusere svinn og råvarebruk, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun. Prisen er på totalt 50.000 kroner.

Hordaland miljøpris
Foto: Sølve Rydland / NRK