NRK Meny
Normal

Fekk draumen oppfylt i 40 minusgrader

Bergensarane Tor Berge (28) og Bjørn Sørland (27) gjekk over Grønland i ekstreme vêrforhold. – Det kjendest som å sitje i ein tørketrommel.

Tor Berge og Bjørn Sørland på Grønland

30 DAGAR: Tor Berge og Bjørn Sørland bytta Bergen ut med Grønland i 30 dagar. – Det har vore ei oppleving som det ikkje er mogleg å skildre med ord.

Foto: Tor Berge / Norexplore

– Det kunne gått skikkeleg ille, seier Tor Berge.

Saman med turkamerat Bjørn Sørland har han brukt dei siste 30 dagane på å gå over isen på Grønland. 27 av dei i motvind.

– Det var meir uvêr og fleire stormar enn vi hadde forventa. Dessutan var det skumlare brefall enn det vi trudde, fordi det var mykje snø. Plutseleg låg eg halvvegs nede i ei bresprekk vi ikkje kunne sjå botnen på. Eg fekk utruleg nok klamra meg fast, fortel Berge.

– Den drygaste turen

Ideen om å krysse Grønland fekk dei to bergensarane på ein annan tur: I 2015 hadde dei vore på Svalbard, og allereie på veg heim spurde Sørland om dei skulle legge neste tur til Grønland.

Trass i farlege bresprekkar og uvêr kom dei to turglade bergensarane seg over isen. Laurdag sit dei i byen Tasiilaq på Grønland, klare for heimreise.

– Dette har heilt klart vore den drygaste turen vi har vore på så langt. Det har vore den lengste distansen og dei kaldaste nettene. Det var heilt grufullt å sove i 40 kuldegrader, og ganske tøft å starte dagen når beina kjennest som seigmenn og ein veit at ein skal gå i ti nye timar.

Sjå bilete frå turen:

Gå til forsiden

Tor Berge og Bjørn Sørland over Grønland

Tor Berge over Grønland

Tor Berge og Bjørn Sørland over Grønland

12 bilder

    Turen var meir utfordrande enn dei hadde forventa. På dag to måtte dei returnere til startpunktet, då pulkane var for tunge, og legge frå seg utstyret dei skulle bruke til å ta forskingsprøvar av snøen.

    – Forskingsprosjektet måtte ofrast for å auke gjennomføringsevna, seier Berge.

    Dette forsinka turfølget på to, og gjorde at dei mot slutten gjekk tom for mat.

    Ekstreme vêrforhold

    Men den største utfordringa vart vêret. Då ein piteraq (vind langt over orkan styrke, journ.mrk.) trefte land, vart dei to turkameratane uroa.

    – Teltet vårt tolte maks 30 meter i sekundet. Det kjendest som å sitje i ein tørketrommel. Vi måtte rope til kvarandre frå 20 centimeters avstand.

    Det er ein slags meditasjon å gå slike lange strekk. Sjølv om ein har det vondt og det er kaldt, får tankane heilt fritt spelerom. Ein kjem inn i ei sone der tankane berre flyr alle vegar.

    Tor Berge

    Vêret skapte òg problem for heimreisa. Tjukke skyer hindra helikopteret som skulle plukke dei opp etter siste distanse. Berge og Sørland sat forfrosne i teltet og delte det dei hadde att av mat: Eit par mandlar.

    Telter på Grønlandsisen

    OVERNATTING: Berge og Sørland fortel om temperaturar heilt ned i minus 40 grader om nettene. – Ein søv dårleg i kulden, då kroppen heile tida arbeider med å halde seg varm. Då er det ganske tøft å stå opp av soveposen om morgonen og gå ut igjen, seier Berge.

    Foto: Tor Berge / Norexplore

    Vil til Nordpolen

    Kva var den vakraste augneblinken på turen?

    – Det må vere då vi nådd det høgste punktet på breen, på 2500 meter. Det var òg ei veldig god kjensle då vi til slutt vart henta av helikopteret.

    Er dette noko de kunne gjort igjen?

    – Ja, vi har diskutert kva vi skulle gjort annleis neste gong. Men akkurat no er det litt for nært til å seie at vi skal gjere det igjen. Vi har uansett andre planar først: Neste gong vert det ein tur til Alpene, og så har vi planar om å besøke Nordpolen.

    Siste video

    Programleder: Jan Børge Leirvik