Hopp til innhold

Feirar kommunesamanslåing

Det er i år nøyaktig 50 år sidan den store kommunereforma vart gjennomført i Norge. I Øygarden har samanslåinga vore så vellykka at kommunen arrangerer ei storslått jubileumsfeiring gjennom heile året.

Otto Harkestad og Bernt Hjørnevik

GLER SEG: Ordførar Otto Harkestad (t.v.) og kultursjef Bernt Hjørnevik ser fram til den offisielle opninga av jubileumsåret.

Foto: Tale Hauso / NRK

1964 var toppår for kommunesamanslåing i Norge, og kvar fjerde kommune i landet forsvann. Dette skjedde etter at Schei-komiteen hadde lagt grunnlaget for samanslåingar. Berre i Hordaland vart det gjort ei rekkje reguleringar og ei av samanslåingane blei til Øygarden kommune.

Frå to til ein

I 1964 vart Hjelme kommune og delar av Herdla herad slått saman til Øygarden kommune. Kommunen har valt å markera at dette i år er 50 år sidan med ha jubileumarrangement gjennom heile 2014, og i kveld starta den offisielle opninga av jubileumsåret.

– Vi vil feire oss sjølve. Vi meiner at vi har mykje å vere stole og glade over. Øygarden var tilbake i tid eit gamalt fiske-og bondesamfunn, medan kommunen har hatt ei rivande utvikling innan næringsliv, folkevekst og infrastruktur, seier ordførar i Øygarden kommune Otto Harkestad.

Han ser fram til å feire kommunen gjennom året, og synest det er viktig å ta seg tid til å minnast historia og vere kry over det Øygarden har oppnådd dei siste fem tiåra.

– Vi har nok av kvardagar, vi har nok av faste oppgåver og det er hyggeleg å kunne samlast i sosialt fellesskap på den måten vi legg opp til no, legg Harkestad til.

Feiring med konsert og lysshow

Ormhilleren

SHOW: Det er i Ormhilleren at det vert arrangert konsert og lysshow etter fakkeltoget.

Foto: Tale Hauso / NRK

Om veret vert bra, startar kvelden med eit fakkeltog frå Rong senter til Ormhilleren. Der vert det konsert og lysshow, der korpset Rong Brass og nasjonale musikarar skal gjere kvelden til ei minnerik oppleving for publikum.

Rong Brass skal framføre eit utdrag av stykket «Muisic for the royal fireworks» av Händel, som er komponert for å skyte opp fyrverkeri som ein del av musikkstykket.

– Vi startar bokstavleg eit fyrverkeri av arrangement allereie no i januar. Vi trur dette vert ei fantastisk opning av jubileumsåret vårt, seier kultursjef i Øygarden kommune Bernt Hjørnevik.

Hugsar debatten om samanslåinga

Magnus Oen er i dag 88 år gammal. Han var med på det fyrste kommunestyret etter at Øygarden vart slått saman av Hjelme kommune og delar av Herdla herad. Han er no den einaste attlevande som var med på møtet.

– Det var fylkesmannen i Bergen som kalla inn til det konstituerande kommunestyret og det vart halde på børsen i Bergen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Magnus Oen

SISTE ATTLEVANDE: 88 år gamle Magnus Oen er den siste attlevande som var med på det fyrste kommunestyremøtet etter at Øygarden vart ein kommune.

Foto: Tale Hauso / NRK

Dei fleste var innstilt på at det ville skje ei samanslåing, men kva kommunenamnet skulle vere var det store spørsmålet.

– Det var eigentleg spørsmålet om kva namn kommunen skulle ha som sette i gang den usemja som eigentleg var mellom dei tidlegare kommunane, seier Oen.

Dei som kom frå tidlegare Herdla herad ønskte namnet Øygarden, medan dei som kom frå Hjemle kommune ønskte å halde på namnet sitt.

Vestlandet vende ryggen mot fjorden

– Hovudformålet med den reforma som skjedde for 50 år sidan var i og for seg ikkje ei kommunesamanslåing, sjølv om det vart ein tydeleg reduksjon av talet på kommunar, seier UiB-professor Frank Aarebrot.

Reforma hadde ein samanheng med at dei gamle kommunane frå 1837 var baserte på den kyrkjelege administrasjonsordninga.

– Før då rodde vestlendingane til kyrkja. Desse låg på eit nes ute i ein fjord. Då var det ikkje meir enn vel 400 prestegjeld i Noreg, forklarar Aarebrot.

Frank Aarebrot

KOMMUNIKASJONSSTRUKTUREN AVGJER: Professor i samanliknande politikk Frank Aarebrot kjenner godt til kommunereforma som skjedde for 50 år sidan.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Det som skjedde åra fram til 1950-1960, var at kyrkjesogna ønskte å bli eigne kommunar. Så på Vestlandet og på Sørlandet var midtpunktet i ein typisk gammal kommune midt i fjorden, i tillegg til på begge sider av fjorden der kommunen var, og då rodde folk til kyrkja.

I 1961 vart bilrasjoneringa etter krigen oppheva og folk kunne kjøpe bil for fyrste gong. Då vart Schei-komiteen oppretta for å lage ein ny kommunestruktur som var basert på vegen og ikkje fjorden som kommunikasjonsmiddel. Og difor vart dei geografiske midtpunkta i kommunen midt på øya eller midt på neset.

– Vestlandet vende difor ryggen mot fjorden som samferdsleåre for fyrste gong på 1500 år med Schei-komiteen, stadfestar Aarebrot.

Ny kommunesamanslåing?

Når ordførarane står med musikkkorps og kjede, og opnar den nye brua eller den nye tunnelen, så tenkjer dei kanskje ikkje på at dei legg grunnlaget for ei kommunesamanslåing.

UiB-professor Frank Aarebrot

I dag er det diskusjon om ei ny kommunereform, der ein diskuterer å få færre kommunar. Frank Aarebrot trur regjeringa vil oppretthalde prinsippa til Schei-komitteen.

– Om Øygarden blir slått saman så blir ikkje det med Nordhordaland eller Askøy, men med Fjell og Sund. For desse er berre «ei» øy i dag, grunna bruane dei har fått.

Aarebrot meiner at når ein byggjer bru og tunnel så skapar ein også grunnlaget for ei annan kommunikasjonsstruktur.

– Når ordførarane står med musikkkorps og kjede, og opnar den nye brua eller den nye tunnelen, så tenkjer dei kanskje ikkje på at dei legg grunnlaget for ei kommunesamanslåing.

– Må godta det viss det blir ei ny samanslåing

Forslag om kommunsamanslåing for Øygarden har vore diskutert i mange år.

– Den diskusjonen har følgt meg i 20 år, så det går i rykk og napp. Eg er sanneleg ikkje sikker på at det vert noko av det denne gongen heller, meiner ordførar i Øygarden, Otto Harkestad.

Magnus Oen likar Øygarden kommune sånn som den er i dag, men ønskjer også å gje lesarane eit tips.

– Eg veit ikkje om eg er av den gamle typen, men eg ønskjer at kommunen skal bestå sånn som den er i dag. Uansett så ønskjer eg å seie til folk at om det til slutt vert ei samanslåing, så må ein godta det som har skjedd. For det fører ingen plass å fortsetje å protestere mot det som allereie er vedtatt, seier Oen til slutt.

Eit heilt år med feiring

I Øygarden kommune er ikkje jubileumsfeiringa over etter i kveld. Det skal verta gjennomført arrangement gjennom heile året, der bla. Sondre Bratland, Helene Bøksle og Annbjørg Lien skal ha kyrkjekonsert, det vert arrangert «Allsang på kaien» og Sølvguttene skal synge jula inn mot slutten av året. Det førebelse programmet kan du sjå i faktaboksen til høgre.

– Jubileumsåret er lagt opp slik at både dei yngste og dei eldste kan ta del i feiringa. I tillegg så har vi plassert arrangementa i kvar månad, slik at det skjer noko gjennom heile året, seier kultursjef i Øygarden kommune Bernt Hjørnevik.