Hopp til innhold

Etterforskar tre forsøk på mordbrann

Tre bustadhus på Frekhaug i Nordhordland blei forsøkt sett fyr på natt til søndag. No etterforskar politiet brannane som mordbrannar.

Påsette branna på Frekhaug

Klokka 01.11 natt til søndag fekk politiet inn den første meldinga. Tre bosspann sto i brann under eit terrassen til eit bustadhus der to vaksne og tre born låg og sov.

Seinare kom det også inn to meldingar om liknande brannar til politiet i Nordhordland. Også tidlegare i år har det vore tilfelle der hus har vore forsøkt påtent på Frekhaug.

– Svært alvorleg

– Vi etterforskar sakene som om det skulle gått gale. Dette er svært alvorleg, seier politioverbetjent Glenn Ulrik Våge i Nordhordland politidistrikt til avisa Strilen som først omtala saka.

Måndag kom teknikarar frå Bergen for hjelpe det lokale politiet i saka. Mellom anna vil politiet gjere undersøking på kva bilar og personar som var i området då brannane fann stad.

Politiet oppmodar folk på det sterkaste til å ikkje halde tilbake opplysningar dersom dei veit om noko som kan vere relevant.

Observante naboar sløkte brannen

Heldigvis gjekk enda det ikkje i storbrannar denne gongen. Det takkar vere observante naboar som fekk sløkt flammane før det var for seint.

Ein nabo som endå ikkje hadde lagt seg såg brannen, og ein anna hjelpte til ved å hente hageslange før dei saman sløkte flammane.

Politiet stadfestar at innsatsen var avgjerande, og at brannen allereie var sløkt då brannvesenet kom til staden.

Det var medan ein haldt på med å sikre prov på staden, at den andre brannmeldinga kom inn. Også denne brannen blei sløkt av årvakne naboar, saman med brannvesenet som var i nærleiken.