Hopp til innhold

Tre hus forsøkt påtent – kvinne mistenkt for å stå bak

Dei påsette brannane i Nordhordland spreidde frykt blant naboane. No er ei kvinne i 30-åra arrestert.

Påsett brann i Galtnesvegen

SLØKTE SJØLV: Naboane fekk sløkt brannen i Galtnesvegen på Frekhaug før den fekk spreidd seg. Politiet mistenker at ei kvinne i 30-åra står bak.

Foto: Anne-Lise Nordpoll / Strilen

Bakgrunnen for arrestasjonen er tre branntilløp på Frekhaug i Nordhordland i starten av september. Natt til sundag 6. september vart tre bustadhus forsøkt tent på, men før situasjonen eskalerte fekk observante naboar sløkt brannane.

– Vi har reist ut i dag og arrestert ei kvinne i 30-åra. Ho er mistenkt for å ha starta brannane og vil bli avhøyrt i løpet av dagen, seier lensmann Kjell Idar Vangberg i Nordhordland lensmannsdistrikt til NRK.

Etterforska som forsøk på mordbrann

Lokalbefolkninga frykta at ein ildspåsetjar gjekk laus i nabolaget deira. Politiet i Nordhordland har etterforska saka som forsøk på mordbrann, og har omtala saka som svært alvorleg.

– Vi etterforskar sakene som om det skulle gått gale, sa politioverbetjent Glenn Ulrik Våge i Nordhordland politidistrikt til avisa Strilen i september.

I dag fekk lensmann Kjell Idar Vangberg klarsignal frå retten til å gjennomføra ei ransaking hjå den mistenkte kvinna.

Det var på bakgrunn av ransakinga at kvinna var arrestert og tatt med til lensmannskontoret for avhøyr.

Fleire branntilløp

– Vi mistenkjer ho for å stå bak dei tre branntilløpa i september, og også nokre tilfelle i april tidlegare i år. Noko meir detaljar i saka vil eg ikkje ut med på noverande tidspunkt, avsluttar Vangberg.

I april vart det sett fyr på eit bosspann ved ein husvegg, samt inne i ein garasje i Galtenesvegen på Frekhaug.

I paragraf 355 i straffelova står det at den som «forårsakar brann (...) som lett kan medføre tap av menneskeliv» kan straffast med fengsel frå 2 år inntil 21 år.