Hopp til innhold

Stengjer sentrum frå torsdag av

I forbindelse med The Tall Ships Races i Bergen blir det frå torsdag av store endringar for trafikken i sentrum. Her er dei viktigaste.

Tall Ships´ Races

FOLKEFEST: Det er venta nesten ein halv million menneske til Bergen denne helga. Tall Ships Races fører til endringar for trafikken i sentrum. Biletet er frå 2008.

Foto: Unni Arnøy / NRK

tall ships trafikk
Foto: www.tallshipsbergen.no

Frå torsdag 24. juli blir det folkefest i Bergen, når The Tall Ships Races tek over Vågen. Sist den gigantiske skutefesten vart arrangert i Bergen i 2008, var 500.000 menneske innom. Med sol og flott vêr er det venta minst like mange denne gongen.

Det fører til store endringar i trafikkbiletet i Bergen. Aller viktigast er det at Bryggen og Torget vert stengt for all køyretrafikk frå torsdag 24. juli klokka 10.00 til søndag 27. juli klokka 07.00.

I tillegg vil området mellom Bygarasjen og Torget vera berre for kollektivtrafikk og vareleveransar.

– Bruk kollektivtrafikken

Bilistar bør halde seg unna Strandkaien, på grunn av sterk tilstrøyming av publikummarar. Skal ein inn til byen med bil må ein bruka Fløyfjellstunnelen og overordna vegnett.

Det vert likevel oppfordra om nytte seg av kollektivtrafikken om ein skal inn til sentrum. Her kan du sjå korleis buss, båt og bybanetrafikk blir lagt opp dag for dag under arrangementet.

Som nemnd er Torget og Bryggen stengt, og ingen bussar vil nytte seg av dei haldeplassane under arrangementet.

Endringar for buss og båt

Buss til og frå Åsane, Eidsvågneset og Lønborg køyrer via Fløyfjellstunnelen i begge retningar. Dei kjem til å betjena haldeplassane i Olav Kyrregate, Festplassen og Småstrandgaten/Det gamle rådhus. Fleire endringar kan du sjå i faktaboksen til høgre.

Alle snøggbåtane som har innkomst og avgang i Vågen vil skifta kai under arrangementet. Dei vil ikkje gå som normalt frå Strandkaiterminalen, men frå Munkebryggen litt lenger ut i Vågen (sjå kart, markert med gult).

Dette gjeld frå torsdag morgon til søndag klokka 15.00. Billettar kan kjøpast om bord eller på Strandkaiterminalen.

Har du tenkt å koma med båt er det viktig å vita at det er ferdselsforbod mellom tysdag 22. juli klokka 18.00 og søndag 27. juli klokka 16.00 i Bergen hamn for alle som er ikkje-deltakande fartøy. Det er gjestehamner ein kan nytta på Marineholmen og i Solheimsviken.

Tall Ships trafikk