Hopp til innhold

Slik blir Tall Ship Races i Bergen

Det er klart for ein ekte skutefest i Bergen. Gjer deg klar fore fire dagar med gamle sjømannsviser, sol og ein yrande folkefest.

Tall Ships Races

PÅ VEG TIL BERGEN: SS «Christian Radich» og dei andre seglskutene er no på veg til Bergen. Her ser du skuta på veg inn til Fredrikstad, som også har vore vertsby i år.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Enslaved

PERFEKT: Prosjektleiar Haakon Vatle meiner Enslaved passar perfekt til arrangementet. – Dei ser nesten ut som dei henta ut frå ei gamal seglskute, seier Vatle.

Foto: Øystein Otterdal
Statsråd Lehmkuhl

STATSRAADEN: Bergen sin stoltheit, Statsraad Lehmkuhl, vil ligg midt i Bergen, og ha ei sentral rolle under Tall Ship Race.

Foto: NRK Rogaland
Russiske "Kruzensthern" er det nest største seglskipet i verda.

GIGANTISK RUSSAR: Eit av verdas største seglskip, Kruzenshtern, legg til kai i Bergen denne helga.

Foto: Tall Ships Races Måløy

Det er venta over 70 seilskuter, 2000 sjøfolk og 500.000 besøkande når Tall Ship Races kjem til Bergen på torsdag. For fjerde gang er Bergen vertsby for skutefesten, og i år er sjømannssongar og rock´n´roll viktige ingrediensar.

– Seglskutemennene før i tida var jo nokon av dei første rockestjernene som fanst. Dei sang høgt og meinte det dei sang. Det var kanskje ikkje så reint alltid, men det er ikkje alltid så viktig i rocken heller, fortel prosjektleiar for Tall Ship Race i Bergen, Haakon Vatle.

Sjå heile programmet her.

Bestillingsverk frå Enslaved

Han har sjølv tatt ei masterdgrad i sjantiar, som sjømannsvisene kallast. Dei kan handle om alt i frå damer til livet på havet. Nokre gongar forstår ein eigentleg ikkje heilt kva dei handlar om, men det viktigste er at dei har ei rytme som passar å arbeide til. Dei skulle rett og slett gjere arbeidet lettare.

– Kvar dag klokka seks vil dagens sjanti bli presentert frå mastene på Statsraad Lehmkul i Vågen. Fire buekorpsgutar skal tromme kadettane opp i mastene før dei set i gong å synge, fortel Vatle.

Eit anna band som også skal innta Statsraaden er metal-bandet Enslaved. Dei skal spele eit bestillingsverk saman med komponisten Ole Hamre. Det blir ei blanding av ekstremmetal og sjantimusikk.

– Dei passar perfekt. Dei ser ut som ein gjeng sjømenn frå ei skute på 1800-talet og medan sjantiane representere fortida, representerer dei framtida. Det har vore veldig viktig for oss å lage eit program for ungdommane, fordi det er dei dette arrangementet eksisteret for, seier Vatle.

Bergen skal bli eit syngande skip

Heile tre scener rundt Vågen vil mellom 24. og 27. juli bli pakka med musikk. Nesten alle artistane er frå Hordaland. Mellom anna skal Fjorden Baby!, Kakkamaddafakka og Razika setje lyd til ein våg full av skuter og seglarar frå heile verda.

– Det kjem 2000 ungdommar frå nesten kvart eit hjørne av verda. Skutene sjølv er jo hovudattraksjonen, men det vil bli liv og røre rundt heile Vågen. Vi har rundt 100 forskjellige innslag, fortel Vatle.

– I gamle dagar sa ein at «a singing ship, is a happy ship». Ei skute skulle alltid kom i land syngande, og legge til sjøs med song. Det betydde at det var eit bra skip å arbeide på. Målet er at heile Bergen skal bli som eit «syngande skip», avsluttar Vatle.