NRK Meny
Normal

Kvinnene framleis i mindretal i kommunestyra

NRK har gått gjennom 100 ferske kommunestyre i landet. Valet vart ein nedtur for talet på kvinnelege folkevalde fleire stader.

Kristin Teigland Kleppe

SJELDAN SORT: Kristin Teigland Kleppe (Sp) er blitt varaordførar i Tysnes. I kommunestyret har ho med seg fire andre kvinner, mens resten (16) er menn.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Vallogo

– Det hadde jo vore greitt å vore fleire kvinner, men då måtte vi fått litt fleire stemmer, seier Kristin Teigland Kleppe (Sp) på Tysnes i Hordaland. Ho blei vald inn, og har fått posisjonen varaordførar i Sunnhordlandskommunen.

I kommunestyresalen på Tysnes vil det dei neste fire åra sitte fem kvinner og 16 menn. Det er ein kvinneprosentdel på 24 prosent, noko som er godt under landssnittet.

For ein gjennomgang NRK har gjort av 100 kommunestyre i landet, syner at kvinnedelen ligg på 38 prosent etter årets kommuneval. Det er det same som i 2007 og 2011.

– Let seg stoppe av hektisk kvardag

Men fleire stader går utviklinga i feil retning. Til dømes i Hordaland, der det etter kommunevalet for to veker sidan er blitt færre kvinner i kommunestyra.

I gjennomsnitt for dei 33 kommunane i fylket er no 36 prosent av dei folkevalde kvinner. Det er ein nedgang på eit prosentpoeng frå førre kommuneval.

  • Flest finn vi i Austrheim, der ti av 17 representantar er kvinner (59 prosent).
  • Færrast kvinner har Fedje i kommunestyret, berre tre av 15 (20 prosent).

LES OG: Kvinnebølgje i Austrheim-politikken

Varaordføraren i Tysnes kommune trur ikkje det er manglande engasjement som held kvinner vekke frå politikken.

Det er ein gjennomgangsmelodi når vi har vore ute i kommunestyra at det kanskje er vanskelegare å motivere kvinner til å stille.

Valforskar Yngve Flo

– Nei, eg trur kvinner er interessert i politikk. Eg trur heller på at dei ikkje ønskjer å binde seg opp til faste verv, som kanskje gjer at ein ikkje har moglegheit til å styre ein hektisk kvardag slik ein vil sjølv, seier Teigland Kleppe.

– Menn leiter fram menn som liknar seg sjølv

Kommunal og moderniseringsdepartementet sat i fjor i gang eit prosjekt for å få fleire kvinner inn i lokalpolitikken. Dei 72 kommunar i landet med under 30 prosent kvinnelege folkevalde etter førre val, fekk til tilbod om hjelp til dette. Ti kommunar i Hordaland.

Valforskar Yngve Flo ved UNI Research i Bergen, var ein av fleire forskarar som blei sendt rundt for å finne ei løysing på kvinnemangelen.

– Det er ein gjennomgangsmelodi når vi har vore ute i kommunestyra at det kanskje er vanskelegare å motivere kvinner til å stille, seier han.

Valforskar Yngve Flo ved Universitetet i Bergen

Valforskar Yngve Flo.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Årsaka han fann var at menn nominerer menn til partilistene.

– Veldig mange parti plasserer menn, og gjerne politisk erfarne, middelaldrande menn i nominasjonskomiteane. Og sjølv om viljen ofte er den beste, så tenderer dei til å finne folk som er like seg sjølv. Dei leiter etter folk som har politisk erfaring, og der finn dei menn. Så leiter dei på partilistene der dei med unnatak av SV, også finn flest menn, seier Flo.

Så mange menn og kvinner skal styre:

MENN:

KVINNER:

TOTALT:

% KVINNER:

Fedje

12

3

15

20 %

Tysnes

16

5

21

24 %

Fusa

15

6

21

29 %

Samnanger

15

6

21

29 %

Lindås

18

13

31

30 %

Os

24

11

35

31 %

Stord

24

11

35

31 %

Odda

18

9

27

33 %

Sund

14

7

21

33 %

Bømlo

18

9

27

33 %

Kvinnherad

23

12

35

34 %

Øygarden

15

8

23

35 %

Masfjorden

11

6

17

35 %

Fitjar

11

6

17

35 %

Jondal

11

6

17

35 %

Osterøy

17

10

27

37 %

Kvam

17

10

27

37 %

Meland

17

10

27

37 %

Fjell

22

13

35

37 %

Voss

26

16

43

37 %

Vaksdal

13

8

21

38 %

Etne

13

8

21

38 %

Austevoll

13

8

21

38 %

Modalen

8

5

13

38 %

Granvin

8

5

13

38 %

Eidfjord

10

7

17

41 %

Radøy

14

11

25

44 %

Sveio

14

11

25

44 %

Ullensvang

11

9

20

45 %

Ulvik

9

8

17

47 %

Bergen

35

32

67

48 %

Austrheim

7

10

17

59 %

GJENNOMSNITT:

36 %

Frå færrast til flest kvinner.